Good Times av Eric Burdon and The Animals
| Good Times Singel av Eric Burdon & The Animals frå albumet Winds of Change |
||
| B-side | «Ain't That So» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 1967 | |
| Sjanger | Psykedelisk rock | |
| Lengd | 3:01 | |
| Selskap | MGM 1344 | |
| Låtskrivar(ar) | Burdon, Briggs, Weider, Jenkins, McCulloch | |
| Produsent | Tom Wilson | |
| Eric Burdon & The Animals-kronologi | ||
| «San Franciscan Nights» (1967) |
Good Times | «Anything» (1967) |
«Good Times» er ein song av Eric Burdon & The Animals gjeven ut på albumet deira Winds of Change i 1967, med musikk og tekst av Eric Burdon, John Weider, Vic Briggs, Danny McCulloch og Barry Jenkins.
Teksten fortel ei soge om nokon som fortel at han angrar på å sløst for mykje tid på unyttige ting. Musikalsk h ar songen ei mørk kjensle med ein lettare parti like før det siste verset. Singelen nådde 20. plass på UK Singles Chart. Han var B-sida til «San Franciscan Nights» i USA. B-sida «Ain't that So» var henta frå filmmusikken til filmen Stranger in the House (1967). I 1987 vart songen gjeven ut som singel igjen, då han var med i filmen Die Katze med Götz George. Denne versjonen nådde 53. plass i Tyskland.
Ozzy Osbourne spelte inn songen for albumet sitt Under Cover i 2005.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Good Times (Eric Burdon and The Animals song)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. desember 2011.