Eric Burdon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eric Burdon
Eric Burdon.jpg
Verkeleg namn Eric Victor Burdon
Fødd 11. mai 1941
Newcastle upon Tyne i England
Sjanger Rock, bluesrock, R&B, funkrock, psykedelisk rock, screamo
Aktive år 1960–til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar, skodespelar, kunstmålar

Eric Victor Burdon (fødd 11. mai 1941 Newcastle upon Tyne i England) er best kjend som vokalisten i The Animals, eit rockeband danna i Newcastle i England, og funkrockbandet War.[1]

Han var med å starte The Animals i Newcastle tidleg på 1960-talet. Burdon song Animals-klassikarar som «House of the Rising Sun», «Don't Let Me Be Misunderstood», «Bring It On Home to Me» og «We Gotta Get Out of This Place». I 1966 var gruppa i realiteten oppløyst og Burdon starta «Eric Burdon and the New Animals», med det seinare Family-medlemmet John Weider og seinare The Police-gitaristen Andy Summers. Dei fekk listetoppar med songane «When I Was Young», «Sky Pilot» og «Monterey». Denne gruppa varte fram til 1969 då Burdon gjekk med i gruppa War. Desse gav ut eit album med med dei kjende songane «Spill the Wine» og «Tobacco Road». I 1971 starta Burdon ei solokarriere.

Burdon deltok i nokre korte gjenforeiningar av det originale Animals i 1976 og 1983, men ikkje noko av dette var av varig karakter, sjølv om dei i 1983 gav ut singelen «The Night». Han har hatt ei rekkje grupper som har spelt under namnet «Eric Burdon Band» eller liknande variantar med stadig forskjellige musikarar. Populariteten hans har gjennomgåande vore større utanfor Storbritannia. Han reiser framleis rundt og held konsertar.

Det er påstått at Eric Burdon er den såkalla «Eggman» i The Beatles-songen «I am the Walrus». Dette skuldast at han vart kalla «Eggs» av venen sine, noko som skal stamme frå at han knuste egg over nakne jenter. I sin biografi seier Burdon at ein slik episode ein gong skjedde medan John Lennon var til stades, og han hadde då ropt «Go on, go get it, Eggman ...».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. wolfgangsvault.com/Article/Soul-of-a-Man-The-Story-of-Eric-Burdon.html?page=1&cpage=1 Soul of A Man The Story of Eric Burdon