Alan Price
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Alan Price | |
| Opphav | Fatfield, County Durham i England |
| Fødd | 19. april 1942 |
| Instrument | tangentinstrument, vokal, bass, gitar |
| Sjanger | Rock, bluesrock, psykedelisk rock, pop |
| Aktive år | 1961-til i dag |
| Yrke | Musikarar, arrangør |
| Tilknytte artistar | The Alan Price Rhythm and Blues Combo, The Alan Price Set, Price and Fame, Alan Price and Friends, The Animals, Eric Burdon, The Electric Blues Company, Bobby Tench, Zoot Money |
| Plateselskap | CBS, Vertigo, Sanctuary, United Artists, Jet, Indigo, BGO, AP |
| Nettside | Official Alan Price Webshop og offisiell nettside |
Alan Price (fødd 19. april 1942 i Fatfield i County Durham i England) er ein engelsk musikarar som er mest kjend som den første organisten i The Animals. Han er i dag soloartist.
Det var i stor grad han som arrangerte den første hitten til The Animals, «The House of the Rising Sun» i 1964. Han forlet Animals alt i 1965 på grunn av at bandet ønskte å dra i forskjellige musikalske retningar og på grunn av flyskrekk, som hindra han i turnere. Kort tid etter starta han Alan Price Set og hadde nokre hitsinglar med gruppa før ho vart oppløyst i 1968. Han har i løpet av åra etter gjeve ut mange soloalbum og samarbeidd med Georgie Fame.
I 1973 laga han musikk og medverka i filmen O Lucky Man! av Lindsay Anderson.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Alan Price» frå Wikipedia på engelsk, og «Alan Price» frå Wikipedia på svensk den 2. april 2009.