We Gotta Get out of This Place

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
We Gotta Get out of This Place
Singel av The Animals
frå albumet Animal Tracks
B-side «I Can't Believe It»
Utgjeve Juli 1965 (UK)
September 1965 (USA)
Innspelt 1965
Sjanger Rock
Lengd 3:17
Selskap Columbia Graphophone (UK)
MGM Records (U.S.)
Låtskrivar(ar) Barry Mann, Cynthia Weil
Produsent Mickie Most
The Animals-kronologi
«Bring It On Home to Me»
(1965)
We Gotta Get out of This Place «It's My Life»
(1965)

«We Gotta Get out of This Place», ofte skriven «We've Gotta Get out of This Place», er ein song skriven av Barry Mann og Cynthia Weil og spelt inn som ein hitsingel av The Animals i 1965. Det har vorte ein ikonisk song og var særs populær blant dei amerikanske styrkane under Vietnamkrigen.

I 2004 vart songen rangert på 233. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. Han er òg på lista til The Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Barry Mann og Cynthia Weil var eit ektepar som skreiv songar i Brill Building-miljøet i New York City i 1960-åra.[1]

«We Gotta Get out of This Place» vart skriven og spelt inn som ein demo av Mann og Weill, og var meint for The Righteous Brothers. Dei hadde tidlegare skrive den store hitten «You've Lost That Lovin' Feelin'» for dei. Men så fekk Mann eigen platekontrakt for seg sjølv, og selskapet hans Redbird Records ønskte at han skulle gje ut songen i staden. Samstundes hadde direktøren i selskapet Allen Klein høyrt songen og gjeve demoen til Mickie Most, produsent for The Animals. Most hadde alt bestilt songar frå Brill Building-låtskrivarane for den neste innspelinga til gruppa[2]), og The Animals spelte inn songen før Mann kunne.

Songen nådde andreplassen på den britiske singellista den 14. august 1965.[3] Månaden etter nådde han 13. plass i USA og i september andreplass i Canada.

Innverknad[endre | endre wikiteksten]

På denne tida gjorde tittelen og den enkle appellen «me må bort her frå» at han vart særs populær på avslutningsfestar. Songen vart òg særs populær for dei amerikanske styrkane stasjonerte i Sør-Vietnam under Vietnamkrigen.[4]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn av mange andre artistar, som The Partridge Family (1972), Bruce Springsteen, Udo Lindenberg (på tysk), Blue Öyster Cult (1978), Steve Bender (1978), Gilla (1979), Angelic Upstarts (1980), Grand Funk Railroad (1981), David Johansen (1982), Fear (1982), Richard Thompson (1988), Jello Biafra og D.O.A. (1989), Randy Stonehill (1990), Bon Jovi (1992), Midnight Oil (1993, MTV Unplugged), Space (1998), Southside Johnny (2000-åra), Widespread Panic (2005), Ann Wilson med Wynonna Judd (2007) og Alice Cooper (2011) samt mange andre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Barry Mann & Cynthia Weil». The Official Barry Mann and Cynthia Weil Web site. Arkivert frå originalen den 2007-03-21. http://web.archive.org/web/20070321230608/http://www.mann-weil.com/biographies.html. Henta 17. des. 2011. 
  2. «Songwriter Carl D'Errico Interviewed by Mick Patrick». Spectropop. http://www.spectropop.com/CarlD/index.htm. Henta 2007-02-18. 
  3. «The Animals». Rock and Roll Hall of Fame. 1994. Arkivert frå originalen den 2007-02-02. http://web.archive.org/web/20070202161305/http://www.rockhall.com/hof/inductee.asp?id=58. Henta 2007-02-18. 
  4. Will Higgins (2002-04-29). «'Nam deejays air their memories». The Indianapolis Star. 


234:
 «I'll Feel A Whole Lot Better» 
The Byrds
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
233

The Animals – «We Gotta Get out of This Place»

232:
 «Only The Lonely » 
Roy Orbison