The House of the Rising Sun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«The House of the Rising Sun» er ei folkevise frå USA. Stundom vert han kalla berre «House of the Rising Sun» eller «Rising Sun Blues». Han fortel historia om eit liv som går gale i New Orleans. Songen kan syngast både frå perspektivet til ei kvinne eller ein mann, avhengig av kven som syng han. Den mest kjende utgåva av songen vart spelt inn av den engelske rockegruppa The Animals i 1964, som vart ein listetoppar i Storbritannia, USA, Sverige og Canada.

Opphav og tidlege versjonar[endre | endre wikiteksten]

Som mange klassiske folkeviser er det ukjend kven som har skrive songen. Enkelte musikkhistorikarar meiner at han er basert på skillingsviser som «Unfortunate Rake» på 1700-talet, som vart ført til Amerika av tidlege nybyggjarar. Mange av desse hadde eit tema som sa «visst berre...» og etter ein periode med utvikling dukkar dei opp som amerikanske songar som «Streets of Laredo».

Den eldste kjende eksisterande innspelinga er av Clarence «Tom» Ashley og Gwen Foster frå 1933. Ashley sa han hadde lært songen av bestefaren, Enoch Ashley. Alger «Texas» Alexander sin «The Risin' Sun», som vart spelt inn i 1928, er ein heilt annan song. Callahan Brothers spelte inn songen i 1934.

Songen kunne ha vorte gløymd om det ikkje hadde vore for at han vart med i samlinga til folkloristen Alan Lomax. Lomax og faren samla inn amerikanske folkeviser for Library of Congress frå 1932. Dei søkte heile landet etter songar. På ein tur med kona til Kentucky spelte Lomax inn ei utgåve av songen, sungen av Georgia Turner, ei 16 år gammal dotter av ein lokal gruvearbeidar. Han kalla songen «The Risin' Sun Blues». Lomax spelte seinare inn andre utgåver av songen sungen av Bert Martin og Daw Henson, begge frå Kentucky. Lomax, trykte songen i songboka Our Singing Country i 1941, med teksten tilskriven Turner og ein referanse til Martin si utgåve. Seinare skreiv at han melodien hadde likskap til den tradisjonelle engelske balladen «Matty Groves».[1][2]

Roy Acuff, som spelte inn songen 3. november 1938, kan ha lært songen frå Clarence Ashley som han stundom spelte i lag med. I 1941 spelte Woody Guthrie inn ei utvåve. Seint i 1948 spelte Lead Belly inn ein versjon kalla «In New Orleans». I 1957 spelte Glenn Yarbrough inn songen for Elektra Records. Songen er òg tilskriven Ronnie Gilbert på ein av dei gamle Weavers-albuma med Pete Seeger som kom ut seint i 1940- eller tidleg i 1950-åra. Frankie Laine spelte inn ei utgåve kalla «New Orleans» på albumet Balladeer frå 1959. Joan Baez spelte songen i 1960 på debutalbumet hennar.[3]. I 1960 gjorde òg Miriam Makeba ei utgåve av songen for RCA.

Seint i 1961 spelte Bob Dylan inn songen for debutalbumet hans, Bob Dylan, som kom ut i mars 1962. Her vert Dylan tilskriven songen.

I eit intervju med Eric Burdon frå The Animals fortalte han at han først høyrte songen i ein klubb i Newcastle og at han vart sungen av den northumbriske folkesongaren Johnny Handel. The Animals var på turne med Chuck Berry og valde denne songen for å ha noko som var annleis.[1]. The Animals fekk ein stor hit med songen. Bob Dylan har seinare fortalt at han første høyrte The Animals si utgåve av songen på bilradioen, og «skvatt ut av setet» fordi han likte han så godt.

The Animals-utgåva[endre | endre wikiteksten]

«The House of the Rising Sun»
Singel av The Animals
B-side «Talkin' 'Bout You»
Utgjeve Juni 1964
Innspelt 18. mai 1964
Sjanger Rock, folkrock
Lengd 4:29
Selskap Columbia Graphophone DB7301 (UK)
MGM Records 13264 (U.S.)
Låtskrivar(ar) Trad., arrangert av Alan Price
Produsent Mickie Most
The Animals-kronologi
«Baby Let Me Take You Home»
(1964)
«The House of the Rising Sun» «I'm Crying»
(1964)

Uansett kva inspirasjonskjelda var, så var The Animals si utgåve av «The House of the Rising Sun» i ein heilt ny stil, og forfattar Dave Marsh har skildra han som «den første folkerock-hiten».[4] medan Ralph McLean i BBC hevdat at «det definitivt var den første folkrock-songen» og kallar han «ein revolusjonær singel» og at «den moderne musikken endra seg for alltid etter dette»[5]

The Animals endra songen frå å vere fortald av ei kvinne til å bli fortald av ein mann, og faren er no ein gambler og ein fyllik, i motsetnad til ein «koseleg far» i tidlegare utgåver.

The Animals starta å nytte arrangement av «House of the Rising Sun» under ein konsertturne med Chuck Berry, og nytta han som avslutningsnummer for å skilje seg frå dei andre artistane, som alltid slutta med ein streit rockelåt.[6] Han fekk særs god respons hos publikum, og overbeviste plateprodusent Mickie Most at songen hadde eit hitpotensial.[6]. I ein pause i turneen spelte bandet inn songen i Kingsway i London.[6]

Songen vart spelt inn på berre eitt forsøk den 18. mai 1964,[7] og starta med ein kjend arpeggio i A-mollelektrisk gitar av Hilton Valentine.[8][5][9] Framføringa tok av med solovokalen til Eric Burdon, som stundom har vorte skildra som «hyling»,[4] "soulful",[10] og som like «djup og grusete som kolbyen Newcastle han voks opp i».[9] Til slutt har ein orgelet til Alan Price som utgjorde resten av songen. «House of the Rising Sun» vart ein stor hit på begge sider av Atlanteren og toppa listene både i Storbritannia og USA. Songen vart gjennombrotet deira og vart signaturlåten deira.[11] Songen vart òg ein hit i fleire andre land.

Utgåva til The Animals vert rekna som ein av klassikarane frå den britiske bølgja. Musikkmagasinet Rolling Stone rangerte Animals-utgåva av songen på 122. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene. RIAA plasserte songen på 240. plass på lista deira over dei største songane frå 1900-talet.

Frijid Pink-utgåve[endre | endre wikiteksten]

«House of the Rising Sun»
Singel av Frijid Pink
frå albumet Frijid Pink
B-side «Drivin' Blues» (USA)
«God Gave Me You» (UK)
Utgjeve 1969
Sjanger Hardrock
Lengd 4:44 (album) 3:23 (singel)
Selskap Parrot Records (U.S.)
London Records (UK)
Låtskrivar(ar) Trad.
Produsent Michael Valvano

Den einaste andre utgåva av songen som vart ein hit var Detroit-bandet Frijid Pink si utgåve av songen frå 1969. Songen har stundom vorte skildra som psykedelisk rock, men heller kanskje meir mot tidleg heavy metal/punk, ala andre Detroit-band som MC5 og The Stooges. The Frijid Pink si utgåve går i 4/4-takt, medan den vanlege utgåva av songen går i 6/8. Songen er driven fram av den forvrengde gitaren til Gary Ray Thompson.[12] med fuzz og wah wah-effektar og frenetisk tromming av Richard Stevers. Fraseiringa til songaren Kelly Green er nesten heilt identisk Eric Burdon si frasering.

Songen nådde sjuandeplass på den amerikanske singellista, fjerdeplass i Storbritannia og tredjeplass i Canada. I Noreg gjekk songen heilt til topps på VG-lista, der han vart liggande sju veker i strekk.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er: Tim Hardin, Joan Baez, Odetta, Gary Glitter, Dolly Parton, Bachman-Turner Overdrive, Nina Simone, The Rolling Stones, Led Zeppelin, Jimi Hendrix, The Doors , Five Finger Death Punch og Muse.

Songen er omsett til norsk av Arnfinn Klakegg som «Der sola renn i New Orleans».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]



123:
 «It's a Man's Man's Man's World» 
James Brown
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
122


The Animals – «The House of the Rising Sun»

121:
 «Stand By Me» 
Ben E. King

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 BBC Radio 4 program 18 jan. 2008
  2. BBC
  3. http://www.youtube.com/watch?v=NkyYHYUcGgo
  4. 4,0 4,1 Dave Marsh, The Heart of Rock & Soul: The 1001 Greatest Singles Ever Made, NAL, 1989. Plassering #91.
  5. 5,0 5,1 Ralph McLean, «Stories Behind the Song: 'House of the Rising Sun'», BBC.
  6. 6,0 6,1 6,2 Eric Burdon, I Used To Be An Animal, But I'm All Right Now, Faber and Faber, 1986, s. 60-62.
  7. Ray Marshall, «The rise of supergroup», Newcastle Evening Chronicle, 17. august 2005.
  8. T.J. McGrath, «Hilton Valentine: The Sun Also Rises», Dirty Linen, Juni-juli 2006.
  9. 9,0 9,1 Barry York, «House of Worship», The Age, 9. juli 2004.
  10. Gina Vivinetto, «More animal magnetism», St. Petersburg Times, 15. jnauar 2004.
  11. Muze «Best Of The Animals (Abkco)»", Tower Records.
  12. Frijid Pink, Allmusic.