John Weider

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

John Weider (fødd 21. april 1947 Shepherd's Bush i London) er ein rockemusikar som speler gitar, bass og fiolin. Han er mest kjend som bassist i det britiske bandet Family frå 1969 til 1971.

Som tenåring spelte Weider i lag med Steve Marriott i bandet Steve Marriott and the Moments. Han erstatta så Mick Green som sologitarist i Johnny Kidd and the Pirates. I 1966 sette Eric Burdon, frontmann for The Animals, i saman eit nytt Animals-band, då det originale bandet vart oppløyst (Eric Burdon and the New Animals, stundom kalla Eric Burdon and the Animals), inkludert Weider på gitar. Weider vart verande med gruppa ut 1968. Weider erstatta så Ric Grech i Family. Som Grech var han både bassist og fiolinist.

Weider forlet Family sommaren 1971. Han vart med i Stud, gav ut eit soloalbum i 1976 og vart medlem av bandet Moonrider med Keith West. Dei nyare albuma hans er meir i New Age-stil enn folk, rock eller country.

Solodiskografi[endre | endre wikiteksten]

  • John Weider (1976)
  • Intervals In Sunlight (1987)
  • Essence (1989)
  • Ancients Weep (1990)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]