John Steel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Steel

Fødd4. februar 1941 (83 år)
FødestadGateshead
OpphavStorbritannia
Sjangerrock and roll
Instrumenttrommesett
Verka sommusikar, trommeslagar

John Steel (fødd 4. februar 1941 Gateshead i England) var den originale trommeslagaren i bandet The Animals og eig rettane til bandnamnet.

Steel var opphavleg trompetist, og møtte den framtidige songaren i The Animals, Eric Burdon, då dei studerte i lag med Newcastle College of Art and Industrial Design. Dei byta frå jazz til rock 'n' roll.

Bilete av The Animals frå 1964.

I mars 1959 møtte Steel Alan Price på eit kyrkjeball i Byker i Newcastle, og med Hilton Valentine (gitar) og Chas Chandler (bass) starta dei eit band. I 1960 hadde the Alan Price Combo fått eit rykte i Newcastle. Burdon vart med i bandet i 1962 og dei kalla seg The Animals.[1]

Steel var med i bandet fram til mars 1966. Den siste singelen han var med på som kom inn på listene var «Inside Looking Out».

Etter han slutta i bandet reiste Steel attende til Newcastle og vart forretningsmann, og arbeidde òg i management- og forlagsselskapa til tidlegare bandkollega Chas Chandler. I 1971 introduserte Chandler han til Eggs over Easy, som han spelte bed. I løpet av åra har Steel vore ein lokal trommeslagar som har spelt på deltid, og stundom spelt med The Animals under ymse gjenforeiningar.

Steel har sidan 1993 turnert med forskjellige variantar av The Animals, med mellom andre Hilton Valentine, Dave Rowberry, Zoot Money og Mick Gallagher. I 1993 danna Hilton Valentine «Animals II» og fekk med seg John Steel i 1994. Frå 1999 til 2001 spelte dei som The Animals, og etter Valentine forlet dette bandet i 2001, heldt Steel og Rowberry fram som «Animals and Friends».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bronson, Fred (2003). The Billboard book of number 1 hits. Billboard Books. s. 156. ISBN 978-0-8230-7677-2. Henta 14. desember 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]