Kyrkjeugle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kyrkjeugle

Status i verda: LC Livskraftig

Bilete frå Teira, Galicia, SpaniaFoto: Arturo Nikolai
Bilete frå Teira, Galicia, Spania
Foto: Arturo Nikolai

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Strigiformes
Familie: Strigidae
Slekt: Athene
Art: A. noctua
Vitskapleg namn
Athene noctua

Kyrkjeugle (Athene noctua) er ein fugl i uglefamilien. Ho er heimehøyrande i mykje av dei tempererte og varmare delane av Europa, Asia aust til Korea, og i Nord-Afrika. Ho har ikkje naturleg utbreiing i Fennoskandia eller Storbritannia, men vart introdusert til Storbritannia i 1842. Det vart òg gjort ei utsetting av arten på Sørøya på New Zealand i byrjinga av 1900-talet, både sørlege Storbritannia og Sørøya på New Zealand har livskraftige bestandar i dag.

Denne arten er ein del av slekta Athene som er representert med fire artar spreidd på alle kontinent unntatt Australia og Antarktis.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjeugla er ei lita ugle, 21 til 23 cm i lengd, vengespenn på 50-56 cm og ho veg i området 140 til 200 gram.[1] Vaksne kyrkeugler av den mest utbreidde underarten, nominatforma, er kvitflekt brun på oversida, og brunstripa kvit under. Ho har eit stort hovud, lange bein, og gule auge, og kvite augebryn gjev ho ein strengt uttrykk. Den korte halen medverkar til ein rund og samanhuka positur i sitjestilling. Denne arten har ei 'opp og ned' flukt, vinn høgd med raske vengeslag, følgt av dalande glideflukt.[1] Juvenile fuglar er grå, og manglar dei kvite flekkene på hovudet som vaksne har. Lætet er eit grettent kiiiuu og korte kjappe kip kip kip.

Utbreiingskart

Det er 13 anerkjende underartar av kyrkjeugle spreidd over store delar av Europa og Asia.[2] Ho er ei av dei mest utbreidde ugler, og på grunn av tilpassinga til menneskelege busetjingar og litle storleik, rangerer ho sannsynlegvis blant verdas mest talrike ugleartar.[treng kjelde]

Dette er ein standfugl som er funne i ope landskap som til dømes parkområde og varierte landbruksområde. Dei tar byttedyr som insekt, meitemark, amfibium, men òg småfuglar og pattedyr. Kyrkjeugla kan angripe fuglar av monaleg storleik som fuglevilt. Ho er delvis dagaktiv og kviler ofte iaugefallande i løpet av dagen.[3]

Kyrkjeugla blir meir vokal om natta som hekkesesongen nærmar seg. Plasseringa av reiret varierer med habitat, dei byggjer reira i hòle i tre, i fjellsider, elvebankar, husvegger, bygningar og anna.[3] Kyrkjeugler vil òg hekke i tilpassa uglereirkassar. Hoa legg 2-5 egg som ho rugar i 28-29 dagar, det tar ytterlegare 26 dagar til ungane er flygedyktige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hume, Rob (2002). Damms store bok om fugler i Norden og Europa. Artikkel om kirkeugle. N. W. Damm & Søn AS. ISBN 82-496-0599-3.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Hume, Rob (2002), s. 244
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.7.xls/view, henta 1. oktober 2012 
  3. 3,0 3,1 Baker, ECS (1927). Fauna of British India. Birds. 4 (2 ed.). Taylor and Francis, London. ss. 441–443. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kyrkjeugle