Guaraní

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Guaraní
(avañe'ẽ)
Klassifisering: Tupiansk
 Tupí-guaraní-språk
  Guaraní
Bruk
Tala i: Flag of Argentina.svg Argentina
Flag of Bolivia.svg Bolivia
Flag of Brazil.svg Brasil
Flag of Paraguay.svg Paraguay
Guaranítalande i alt: 7 000 000
Skriftsystem: Det latinske alfabetet
Offisiell status
Offisielt språk i: Flag of Paraguay.svg Paraguay
Språkkodar
ISO 639-1: gn
ISO 639-2: grn
ISO 639-3: grn – guaraní (generisk)
nhdchiripá
guiaustbolivisk guaraní
gunmbyá-guaraní
gugparaguayansk guaraní
gnwvestbolivisk guaraní
Wikipedia på guaraní

Guaraní er eit tupiansk språk som vert snakka i Argentina, Bolivia, Brasil og Paraguay i Sør-Amerika. Det tilhøyrer tupí-guaraní-språka. Det er offisielt språk i Paraguay (saman med spansk), der det vert snakka av 94 % av innbyggjarane. Det er dermed det einaste indianske språket i Amerika som har fleire talarar enn det europeiske kolonispråket i noko land. Guaraní er òg offisielt språk i dei argentinske provinsane Corrientes og Misiones.

Guaraní er det einaste indianske språket der majoriteten av brukarane ikkje er indianarar. Dette er ikkje vanleg i Amerika, der tendensen elles er at dei hellar mot å bruke dei meir prestisjetunge, offisielle språka (i dette tilfellet spansk).

Jesuittpresten Antonio Ruiz de Montoya, som skreiv ei bok kalla Tesoro de la lengua guaraní (1639), skildra guaraní som «så rikt og elegant at det kan mæle seg med dei mest berømte [språka]».

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Guaraní skil mellom 33 fonem, av dei er 12 vokalar og 21 konsonantar.

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Guaraní har 6 orale og 6 nasale vokalar.

orale nasale
Fremre Midre Bakre Fremre Midtre Bakre
Høge i ɨ u ĩ ɨ̃ ũ
Låge e a o ã õ

Den ortografiske representasjonen er identisk med den vokalane har i IPA, med unntak av grafema <y, ỹ> som blir brukt til å representere fonema /ɨ, ɨ̃/.


Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Guaraní har 21 konsonantar.

bilabial alveolar alveo-
palatal
velar glottal
Frikativar / β /
v
/ s /
s
/ ʃ, ʒ /
ch, j
/ ɣ, ɣ̃/
g, g̃
Plosivar ustemt / p /
p
/ t /
t
/ k /
k
/ ʔ /
'
stemt / /
mb
/ /
nd
/ /
ng
Sonorantar nasal / m /
m
/ n /
n
Likvidar / ɾ, l /
r, l>
/ j /
i


Suprasegmental fonologi[endre | endre wikiteksten]

Trykket i guaraní ligg som regel på siste stavinga i stammen av ordet, grammatiske endingar har ikkje trykk.

Guaraní har ein konsonantmutasjon som minnar om den i keltiske språk. Mange ord som byrjar på /t-/ endrar konsonant når dei er avhengig av eller blir samansett med andre ord:

Guaraní Norsk
tape veg
che rape min veg
hape hans veg

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Antonio Guasch: Diccionario castellano-guaraní. Ediciones Loyola, Asuncion 1978.
  • Antonio Guasch: El idioma guaraní – gramatica y antologia de prosa y verso. CEPAG, Asuncion 1996.
  • Wolf Lustig: Kauderwelsch. Guaraní – Wort für Wort. Rump, Bielefeld 1996.
  • Emma Gregores u. Jorge A. Suárez: A description of colloquial Guaraní. 1967.
  • Anselmo Jover Peralta og Tomás Osuna: Diccionario guaraní-español y español-guaraní. 1950.
  • Natalia Krivoshein de Canese u. Feliciano Acosta Alcaraz: Diccionario Guaraní-Español Español-Guaraní, Tercera Edición. Colección Ñemity, Asuncion 2006, ISBN 99925-3-160-6.
  • Antonio Ortiz Mayans: Gran Diccionario Castellano-Guarani Guarani-Castellano. EUDEPA, 1997.
  • Antonio Ruiz de Montoya: Vocabulario de la lengua guaraní. 2002.
  • Mário Arnaud Sampaio: Vocabulário guaraní-português. 1986.
  • Lino Trinidad Sanabria: Ñane ñe’ẽ guaraníme (edición bilinguë guaraní-castellano). 1991.
  • Lino Trinidad Sanabria: Gran diccionario Avañe’ẽ ilustrado: guaraní-castellano, castellano-guaraní. 2002.
  • Tadeo Zarratea: Gramática Elemental de la Lengua Guaraní. MARBEN, Asuncion 2002, ISBN 99925-46-21-2.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]