Gulhovudkjerrsporv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gulhovudkjerrsporv
Gulhovudkjerrsporv Foto: Alejandro Bayer Tamayo
Gulhovudkjerrsporv
Foto: Alejandro Bayer Tamayo
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av Gulhovudkjerrsporv
Utbreiinga av Gulhovudkjerrsporv
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Amerikasporvfamilien Passerellidae
Slekt: Atlapetes
Art: Gulhovudkjerrsporv A. flaviceps
Vitskapleg namn
Atlapetes flaviceps

Gulhovudkjerrsporv (Atlapetes flaviceps) er ein truga fugleart i amerikasporvfamilien, Passerellidae. Han er endemisk for Colombia.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein kjerrsporv med relativt stort hovud, kort nebb, lang hale som kan virke «fliste», dei sentrale halefjørene er lengere enn dei ytre. Kroppslengda er ca. 17 centimeter. Øvre delar av hovudet er gult med varierande grad av oliven fargeskjær. Undersida medrekna strupe og bryst er klår gul, oversida med venger er mørk olivenfarga. Både nebbet, beina og auga er mørke. Kjønna er like, men juvenile fuglar har sterkt skjær av oliven på hovud, bryst og flankar.[1]

Utbreiingsområdet har vore lite kjent. Det er no skildra som avgrensa til to område. Det eine er isolert i sørvest langs vestsida av den vestre fjellkjeda av Andes, ved og sør før byen Cali i Valle del Cauca og litt inn i Cauca. Det andre er langs begge sidene av den sentrale kjeda, rett nord for byen Manizales i Caldas, og vidare sørover i austskråninga av sentrale Andes mot Magdalenadalen i Tolima og lengst sør inn i Cauca-departementet med ein observasjon i Huila-departementet.[2] Habitata er i kjerrskog inn mot rydda område, plantasjar og hagar langs fjellskråningane. Dei kan òg leve i underskogen i fuktig, høgtliggande skog. Høgdnivåer er vanlegvis i bandet 1900-2440 moh.[1]

Føda er insekt, frø og mindre frukter. Gulhovudkjerrsporvar har vore observerte i å beite i fleirartsflokkar saman med artar av tanagarar og andre som kvitstrupetyrannulett, Mecocerculus leucophrys og gulpannekvitstjert, Myioborus ornatus.[1]

Den totale populasjonen er trudd å vere minst 250 vaksne individ, men ikkje meir enn 1000 modne fuglar eller 1500 individ totalt. Trugsmåla mot arten er avskoging og landbruk.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Jaramillo, A. & Sharpe, C.J. (2018) Yellow-headed Brushfinch (Atlapetes flaviceps) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 21. oktober 2018
  2. BirdLife International (2018) Species factsheet: Atlapetes flaviceps - utbreiing. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. oktober 2018
  3. BirdLife International (2018) Species factsheet: Atlapetes flaviceps. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. oktober 2018

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gulhovudkjerrsporv