Tanagarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tanagarar


Grøntanagar Chlorornis riefferii
Grøntanagar Chlorornis riefferii

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Thraupidae

Tanagarar er ein familie Thraupidae i ordenen Passeriformes med distribusjon avgrensa til Amerika.

Akkurat som med mange andre familiar av sporvefuglar er taksonomien kring familien tanagarar i endring. I og med at fleire og fleire artar vert DNA-undersøkte, så finn ein slektsforhold mellom slekter og familiar innan ordenen sporvefuglar som ikkje har vore kjente. Per 2014 er tanagarafamilien omfatta av ca. 385 artar.[1] Slektene Euphonia og Chlorophonia, som tradisjonelt var medlemmer i familien, er allereie omkategorisert og tatt inn som medlemmer i finkefamilien (Fringillidae). På same vis er slektene Piranga, Chlorothraupis og Habia tatt inn i saltatorfamilien, kardinalar.[2]


Skildring[endre | endre wikiteksten]

Tanagarar er små til mellomstore fuglar. Den minste arten er kvitøyrekjeglenebb, Conirostrum leucogenys, med lengd på 9 cm og ei vekt på 7 gram. Den største arten i lengd, er skjortanagar, Cissopis leverianus, som måler 28 cm og har ei vekt på 76 gram. Men den tyngste er kvitkronetanagar, Sericossypha albocristata med ei normalvekt på 114 gram, men som berre måler 23 cm. Kjønna har vanlegvis same vekt og storleik. Tanagarane har ofte kraftfulle farger i fjørdrakta, men visse artar er berre svartkvit. Første året har ungfuglane oftast ei mindre fargesterk variant av den vaksne fjørdrakta eller en annleis teikning. Hannane er ofte meir kraftfullt teikna enn hoene.

Storparten av tanagarane har korte, runde venger. Forma på nebbet verkar å stå i sterkt samband med dietten til den spesifikke arten.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Tanagarar finn vi berre i «den nye verda» og då først og fremst i tropane. Kring 60 % av artane lever i Sør-Amerika, og 30 % av desse i Andes. Dei fleste av artane er til og med endemiske for eit relativt avgrensa område. 18 artar er standfuglar i Nord-Amerika og Sentral-Amerika.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Fleirtalet av artane i familien lever parvis eller i mindre grupper på 3-5 individ, der slike familiegrupper heilt enkelt kan bestå av eit foreldrepar og etterfylgjarane deira. Individ kan opptre einslege eller i større flokkar. Tanagarar er ikkje kjente som gode songarar, men somme artar har utvikla varierte songar.

Føda[endre | endre wikiteksten]

Tanagarar er altetarar, og dietten varierer frå slekt til slekt. Føda er sett saman av frukt, frø, nektar, delar av blomar og insekt. Artane kan vere mykje spesialiserte på å søke føde på sitt spesifikke vis. Visse artar plukkar insekt frå greiner, andre frå undersida av blad medan andre fangar insekt i flukt. Ofte lever desse spesialiserte artane i overlappande område, slik at spesialiseringa minimerer konkurransen om maten.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Hekksesongen startar i mars og går føre seg til juni i de tempererte områda og i september til oktober i Sør-Amerika. Visse artar hevdar revir medan andre bygger reir i koloniar. Det finst lite informasjon om hekkevanane og om dei er monogame eller polygame. Hannane viser fram dei mest fargerike fjøra både for hoer og for rivaliserande hannar og somme artar har kurtisering med å vise bøygning og løfting av stjerten.

Fleirtalet av artar er trehekkarar som byggjer sylindriske reir, men nokre reir kan vere nær sfæriske og opninga er nesten alltid på sida av reiret. Byggjemåtar og plassering av reira varierer etter slekt. Dei fleste artane hekkar i tett vegetasjon, men hekkeforhold for somme artar er framleis ukjente.

Blant artane vi har informasjon om varierer kulla på frå tre til fem egg. Hoer rugar og bygger bustaden, men hannen kan mate hoa i rugetida. Begge foreldre tar hand om ungane, men ein kjenner til fem artar som òg har hjelp med å gje ungane føde. Desse medhjelparane trur ein er årsungar.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Fylogenetiske studiar indikerer at artar av tanagarar kan delast inn i to hovudgrupper som i sin tur består av eit mindre tal «klader».[3] Lista under freistar å organisere artane av tanagarar etter slektskap. Mange slekter nemnt som tradisjonelt klassifisert i busksporvfamilien er framleis busksporvar etter Clementslista.

Gruppe 1[endre | endre wikiteksten]

Artar med typisk avdempa fargar

a) Klade bestående av kjeglenebb og blomsterborarar saman med slektene Haplospiza, Catamenia og Acanthidops som tradisjonelt var klassifisert i familien busksporvar (Emberizidae). Dessa artane formar ei gruppe trass mykje varierande nebbmorfologi. I staden viser dei likskap i fjørdrakt. Storparten er grå, blå eller svarte og fleirtalet har til og med rustfarga underside:

b) "Gulstjert"-kladen:

c) "Fjørtopp"-kladen (omfattar òg Coryphospingus som tradisjonelt var plassert blant busksporvane.):

d) Ein klade som mest omfattar finkeliknande artar i Andes med slekter som Phrygilus og Embernagra saman med ei gruppe av mykje ulike, men nærslekta fink- og songarliknande former som Poospiza og Nephelornis:

e) Utviklingslinje med artar av basal form innanfor gruppe 1:

Gruppe 2[endre | endre wikiteksten]

Ilustration av mangfaldet blant darwinfinkar
Klade med frøetarar og typiske tanagarar

f) Darwinfinkar, grassporvar, atypiske honningkryparar og somme frøetarar:

g) Ekte frøetarar, gulfinkar og andre nær slekta artar som tradisjonelt er plassert i familien busksporvar. Dei første fem slektene deler på eit unikt skjoldmønster på tarsen, noko som indikerer at det kan dreie seg om ei monofyletisk gruppe.[4]:

Kolfrøetar, Sporophila corvina, hann

h) Typiske fleirfarga tanagarar, inkl. Paroaria som tradisjonelt var plassert i familien busksporvar:

Bispetanagar, Thraupis episcopus

i) Typiske tanagarar:

j) Fjelltanagarar:

Sitrontanagar, Tangara schrankii

k) Tropiske tanagarar som lever i trekroner:

l) Utviklingslinje med artar av basal form i Gruppe 2:

Thraupidae incertae sedis[endre | endre wikiteksten]

Slekt incertae sedis[endre | endre wikiteksten]

  • Slekt Spindalis, 4 artar med mykje uklar familietilknyting, førebels plassert blant tanagarar.

Flytta ut frå Thraupidae[endre | endre wikiteksten]

Til busksporvfamilien, Emberizidae[endre | endre wikiteksten]

Til saltatorfamilien, Cardinalidae[endre | endre wikiteksten]

Slektskap med Cardinalis:

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 1. januar 2014 
  2. Yuri, T., and D. P. Mindell (2002) Molecular phylogenetic analysis of Fringillidae, "New World nine-primaried oscines" (Aves: Passeriformes), Mol. Phylogen. Evol. nr.23, sid:229-243.
  3. Fjeldså J. & Rahbek C. (2006) Diversification of tanagers, a species rich bird group, largely follows lowlands to montane regions of South America., Integrative and Comparative Biology, vol.46, nr.1, sid:72-81. [1]
  4. Clark, G. A., JR (1986) Systematic interpretations of foot-scute patterns of Neotropical finches., Wilson Bull, nr.98, sid:594-597
  5. 5,0 5,1 Klicka, J., K. Burns, & G. M. Spellman (2007) Defining a monophyletic Cardinalini: A molecular perspective. Molecular Phylogenetics and Evolution nr.45, sid:1014-1032

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Artikkelen kjem frå engelsk wikipediaartikkel Tanager, gjennom tilsvarande wikipediaartikkel på svensk lest 10. august 2008, der føljande kjelder er gjevne:

  • Bent, A. (1965) Life Histories of Blackbirds, Orioles, Tanagers, and Allies. New York:Dover Publications, sid:549.
  • Burns, K. J., S. J. Hackett, and N. K. Klein. (2002) Phylogenetic relationships and morphological diversity in Darwin's finches and their relatives. Evolution, nr.56 sid:1240-1252.
  • Burns, K. J., S. J. Hackett, and N. K. Klein. (2003) Phylogenetic relationships of Neotropical honeycreepers and the evolution of feeding morphology. J. Avian Biology, nr.34 sid:360-370
  • Greeney, H. (2005) Nest and eggs of the Yellow-whiskered Bush Tanager in Eastern Ecuador., Ornitologia Neotropical, nr.16, sid:437-438.
  • Infonatura. 2005 June. Birds, mammals, and amphibians of Latin America, läst 4 mars 2006.
  • Isler M. Isler P. (1987) The Tanagers a Natural History, Distribution, and Identification. Washington D.C., Smithsonian Institution Press, sid:404.
  • Klicka, Burns & Spellman. (2007) Defining a monophyletic Cardinalidae: a molecular perspective., sid:36 (sammanfattning PDF)
  • Montereybay. 2000 July. 6-11. Tanagers: Thraupidae, läst 4 mars 2006.
  • Naoki, K. (2003) Evolution of Ecological Diversity in the Neotropical Tanagers of the Genus Tangara (Aves: Thraupidae).
  • Sato, A., C. O'Huigin, F. Figueroa, P. R. Grant, B. R. Grant, H. Tichy, and J. Klein. (1999) Phylogeny of Darwin's finches as revealed by mtDNA sequences. Proc. Nat. Acad. Sci. nr.96, sid:5101-5106.
  • Larsson, Lars (2001) Birds of the World, CD-rom
  • Lagerqvist, Markus (2008) Trassliga familieförhållanden, Roadrunner, vol.16, nr.1, sid:36-43

Fuglenamn på norsk er frå:

  • Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tanagarar