Gulnasealbatross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gulnasealbatross

Status i verda: EN Sterkt truga

Gulnasealbatross
Gulnasealbatross

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Diomedeidae
Slekt: Thalassarche
Art: T. chlororhynchos
Vitskapleg namn
Thalassarche chlororhynchos

Gulnasealbatross (Thalassarche chlororhynchos), tidlegare tristanalbatross, er ein fugl i albatrossfamilien.

Gulnasealbatross hekkar på øyar midt i Atlanterhavet, mellom anna Tristan da Cunha (Inaccessible Island, Middle Island, Nightingale Island, Stoltenhoff Island) og Gough Island. Ute på havet finst dei hovudsakleg mellom 15° S og 45° S i eit belte frå Sør-Amerika til Afrika. Fuglen er observert to gongar i Noreg, i 1994 og 2007.

Ein nærskyld, men fråskilt populasjon held til i Det indiske havet. Ulike autoritetar reknar han anten som ein annan art, Thalassarche carteri, eller ein underart, Thalassarche chlororhynchos carteri. Også denne gruppa er sterkt truga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gulnasealbatross