Thalassarche
| Thalassarche | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Procellariiformes | |
| Familie: | Diomedeidae | |
| Slekt: | Thalassarche | |
| Artar | ||
|
||
| Vitskapleg namn | ||
| Thalassarche
L. Reichenbach, 1853
|
||
Thalassarche er ei biologisk slekt av albatrossar. Desse store stormfuglane er avgrensa til den sørlege halvkula, der dei òg er dei vanlegaste av alle albatrossar. Det er den største slekta i familien med i alt sju artar som er godkjente etter versjon 6.6 av Clementslista.
Thalassarche har den største variasjonen i storleik blant alle albatrosslekter, vengespennet varierer mellom 180 og 256 centimeter.[1] Fjørdrakta har vore skildra som ei måseliknande drakt, med mørk eller svart rygg, skulder og hale og lysare hovud, underside av venger og buk. Fleire artar har gjerne hovud med litt mørkegrått, eller har eit mørkt parti rundt auga. Dei har alle ei fargerik, rosa kjøttstripe frå munnvika til øyret som dei viser fram under oppvisingar. Dei har artspesifikke nebbstruktur og farge som gjer artane her enklare å identifisere enn andre albatrossar.[1] Nebba er anten farga sterkt oransje eller gule, eller dei er mørke med fleire gule linjer.
Artar [endre]
Thalassarche i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 [2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [3]
- Gulnasealbatross, Thalassarche chlororhynchos, Yellow-nosed Albatross
- Gråhovudalbatross, Thalassarche chrysostoma, Gray-headed Albatross
- Kvitpannealbatross, Thalassarche bulleri, Buller's Albatross
- Svartflekkalbatross, Thalassarche cauta, White-capped Albatross
- manglar norsk namn*, Thalassarche salvini, Salvin's Albatross
- manglar norsk namn*, Thalassarche eremita, Chatham Albatross
- Svartbrynalbatross, Thalassarche melanophris, Black-browed Albatross
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen byggjer på «Mollymawk» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mars 2012, mellom anna var følgjande referansar gjevne:
-
- Robertson, C. J. R. (2003). «Albatrosses (Diomedeidae)». I Hutchins, Michael; Jackson, Jerome A.; Bock, Walter J. et al.. Grzimek's Animal Life Encyclopedia. 8 Birds I Tinamous and Ratites to Hoatzins. Joseph E. Trumpey, Chief Scientific Illustrator (2 ed.). Farmington Hills, MI: Gale Group. pp. 113–116. ISBN 0 7876 5784 0.
Referansar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 Robertson, C. J. R. (2003)
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.6.xls/view, henta 7. januar 2012
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)