Albatrossfamilien
| Albatrossfamilien | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Procellariiformes | |
| Familie: | Diomedeidae | |
| Artar i Noreg | ||
|
||
Albatrossar (Diomedeidae) er store sjøfuglar som saman med artane i stormfuglfamilien, stormsvalefamilien og dukkpetrellfamilien utgjer ordenen stormfuglar, Procellariiformes. Dei streifar vidt kring i Sørishavet og Nord-Stillehavet. Dei er fråverande frå Nord-Atlanteren, men fossil viser at dei ein gong levde der. I dag er dei berre sporadiske vandrarar som dukkar opp i Nord-Atlanteren. Albatrossane er blant dei største flygande fuglar, vandrealbatrossen har den største vengespennet av alle nolevande fugleartar. Familien er vanlegvis delt inn i fire slekter, men det er usemje om talet på artar. The Clements Checklist of Birds of the World, versjon 6.6 listar 15 artar medan IUCN har 21 artar på si liste.[1]
Albatrossane er svært effektive i lufta, ved hjelp av glideflogteknikkar kan dei dekke store distansar med lite bruk av energi. Dei beitar blekksprut, fisk og kril ved å ta avfall, gripe i vassoverflata eller dukke. Albatrossar er hekkar i koloniar, mest på fjerne øyar, ofte med nært saman med fleire andre artar. Parband mellom hannar og hoar kan byggast over fleire år med bruk av ritualdansar og vil vare i livet ut for paret. Ein hekkesesong kan ta over eit år frå egglegging til flygeferdige ungar, med eitt enkelt egg i kvart forsøk.
Av dei 21 artane av familien som er godkjent av IUCN, er 19 er trua av utrydding. Talet på albatrossar har tidlegare gått attende på grunn av hausting av fjør, men i dag albatrosses er trua av introduserte artar som for eksempel rotter og villkattar som angrip egg, ungar og hekkande vaksne fuglar; av forureining; av overfiske som har ført til alvorlig nedgang i fiskeførekomstane i mange regionar. Linefiske utgjer det største trugsmålet: fuglane jaktar agna på lina og blir dermed hekta fast. Identifiserte interessentar som styresmakter, narturvernorganisasjonar og folk i fiskerinæringa arbeider for å redusere denne «bifangsten».
[endre] Slekter og artar
Albatrossar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 [2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [3]
- Thalassarche
- Gulnasealbatross Thalassarche chlororhynchos
- Gråhovudalbatross Thalassarche chrysostoma
- Kvitpannealbatross Thalassarche bulleri
- Svartflekkalbatross Thalassarche cauta
- manglar norsk namn*, Thalassarche salvini, Salvin's Albatross
- manglar norsk namn*, Thalassarche eremita, Chatham Albatross
- Svartbrynalbatross Thalassarche melanophris
- Phoebetria
- Sotalbatross Phoebetria fusca
- Gråalbatross Phoebetria palpebrata
- Diomedea
- Kongealbatross Diomedea epomophora
- Vandrealbatross Diomedea exulans
- Phoebastria
- Galapagosalbatross Phoebastria irrorata
- Laysanalbatross Phoebastria immutabilis
- Svartfotalbatross Phoebastria nigripes
- Gulhovudalbatross Phoebastria albatrus
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Procellariidae frå Engelsk Wikipedia .
Referansar
- ↑ Gill, F. & D. Donsker (Eds). 2012. IOC World Bird Names (version 2.11) Lest 10. mars 2012
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.6.xls/view, henta 7. januar 2012
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)