Gustav Leonhardt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gustav Leonhardt opptrer i Brugge.

Gustav Leonhardt (30. mai 192816. januar 2012), var ein nederlandsk cembalist, organist og pianist. Han kunne også spela klavikord og klaviorganum.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Gustav Leonhardt studerte orgel og cembalo ved Schola Cantorum Basiliensis i Basel i Sveits frå 1947 til 1950. Vidare studerte han musikkologi i Wien frå 1950, og han vart professor i cembalo både ved musikkakademiet i Wien og i Amsterdam i 1950-åra. På denne tida starta han å spela inn Johann Sebastian Bach sine cembalo-komposisjonar, t.d. Goldberg-variasjonane og Die Kunst der Fuge. Han skipa også barokkensemblet Leonhardt-Consort, som han sjølv var leiar for. Ein av medlemmene i ensemblet var kona hans, Marie Leonhardt.

Frå 1971 samarbeidde Leonhardt saman med cellisten Nikolaus Harnoncourt med å spela inn heile den komplette fyrste syklusen med Bach-kantater. Prosjektet varte i 20 år, dei vart ferdige i 1990. Leonhardt har også spelt Mozart samt renessansekomponisten William Byrd på ulike tangentinstrument. Han hadde i tillegg mange cembaloelevar; ein av dei er norske Ketil Haugsand.

Leonhardt opptrådte for siste gong den 12. desember 2011 i Paris. Etter dette sleit han med dårleg helse, og måtte kansellera alle speleoppdrag i 2012. Han døydde i Amsterdam, 83 år gamal.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]