Halmstads kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Halmstads kommun
Halmstad stora vapen.svg
Kommunevåpenet til Halmstads kommun
Len Hallands län
Landskap Halland
Centralort Halmstad
Areal 1 706 km²
 – Landareal 1 020 km²
 – Vassareal 16 km²
Folketal 89 727
Folketettleik 52/km²
Kommunenummer 1380
Nettside www.halmstad.se
Kart
Halmstad Municipality in Halland County.png

Halmstads kommun er ein kommune i Hallands län i Sverige. Kommunen grensar til tre andre kommunar i Hallands län – Falkenbergs kommun og Hylte kommun i nord og Laholms kommun i sør. I tillegg grensar kommunen til Ljungby kommun i Kronobergs län i aust. Administrasjonssenteret i kommunen er Halmstad.

I kommunen finn ein vidstrekte skog- og myrområde på morene i dei indre delane. Ved kysten er det sletter med leirhaldig grunn, avbrotne grunnfjell som stikk opp. Enkelte stader er det også sanddyner. Kommunen har svært mange arbeidsplassar innanfor offentleg sektor. Det svenske forsvaret er ein viktig arbeidsgjevar. Elles har kommunen ein allsidig, og det vert framstilt mellom anna industrimaskiner, papir, tremasse, tekstilar, gummivarer og tapet. I tillegg er det mykje sommarturisme i Halmstads kommun.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

Då dei svenske kommunalforordningane tredde i kraft i 1863, kom det, utover Halmstads stad, seksten landskommunar innunder det området som utgjer kommunen i dag. Desse motsvara kvart sitt sokn, og ni av dei låg i i Halmstads härad.

Eit municipalsamhälle som var kalla Oskarström, vart i 1905 innlemma i kommunane Enslöv og Slättåkra. Enslöv-delen av Oskarström vart overførd til Slättåkra i 1938. Municipalsamhället Nyhem vart i 1908 innlemma i Snöstorps landskommun. Denne delen av Snöstorp vart i 1928 innlemma i Halmstads stad, og dermed vart dette municipalsamhället oppløyst. I 1947 vart Oskarströms köping oppretta gjennom utbryting frå Enslöv og Slättåkra, og då vart også municipalsamhället oppløyst.

Den riksomfattande svenske kommunereforma i 1952 innebar for dette området sin del dei følgjande storkommuneopprettingane: Eldsberga (av dei tidlegare kommunane Eldsberga, Trönninge og Tönnersjö), Enslöv (av Enslöv og Övraby), Getinge (av Getinge og Rävinge), Harplinge (av Harplinge og Steninge), Kvibille (av Holm, Kvibille og Slättåkra), Simlångsdalen (av Breared og Snöstorp), samt Söndrum (av Söndrum og Vapnö). Köpingen og byen heldt fram utan samanslåingar.

I samband med den neste generelle kommunereforma vart Simlångsdalen sameint med dåverande Halmstads stad i 1967. Den utvida byen vart i 1971 til Halmstads kommun då einskapleg kommunetype vart innført. Samanslåinga med Eldsberga, Enslöv, Getinge, Harplinge, Kvibille, Oskarström og Söndrum venta derimot til 1974.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: Skjold: ein bjelke av sølv på blå bakgrunn som har tre raude hjarte med gullkroner ovanfor; hjelmdekke: innvendig i sølv og utvendig i blått; vulst: i sørv og blått, samt som hjelmpryd: tre kornnek av gull ved sidan av kvarandre..[1]

Kommunevåpenet til Halmstad er uvanleg i sitt slag i Sverige, i og med at det omfattar hjelm og anna tilhøyr. Ein kan likevel bruke berre skjoldet. Som logo, til dømes på heimesida til kommunen, vert dei tre krona hjarta forenkla eller trykt saman med namnet Halmstad.

Etter kommunesamanslåinga, som var ferdig i 1974, hadde også Harplinges eit våpen, frå 1958. Ein valde likevel å registrere det gamle byvåpenet uforandra i 1974.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er 21 tettstader i Halmstads kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Halmstad 55 688
2. Oskarström 4 011
3. Fyllinge 2 830
4. Getinge 1 885
5. Frösakull 1 635
6. Trönninge 1 555
7. Åled 1 536
8. Harplinge 1 454
9. Gullbrandstorp 1 435
10. Haverdal 1 401
11. Kvibille 793
12. Steninge 769
13. Gullbranna 727
14. Eldsberga 717
15. Villshärad 628
16. Simlångsdalen 577
17. Laxvik 469
18. Holm 462
19. Sennan 430
20. Tylösand 387
21. Skedala 355

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sköld: i blått fält en bjälke av silver, belagd med tre av öppna kronor av guld krönta röda hjärtan; hjälmtäcke: invändigt av silver och utvändigt blått; vulst: av silver och blått samt som hjälmprydnad: tre sädeskärvar av guld vid sidan om varandra.».