Harold Macmillan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Harold Macmillan

Maurice Harold Macmillan (fødd 10. februar 1894 i Brixton i London, død 29. desember 1986) i Horsted Keynes i West Sussex var ein britisk politikar for det konservative partiet. Han var statsminister i Storbritannia i perioden 1957-63.

Ministerpostar[endre | endre wikiteksten]

Macmillan høyrde til ei slekt av bokforleggjarar. Han vart vald inn i underhuset i 1924 som unionist. I 1951 fekk han sin første ministerpost då han vart bustadminister. Denne ministerposten hadde han i tre år, i dei åra vart det bygd 300 000 nye bustader kvart einaste år. Hausten 1954 vart han forsvarsminister. Denne posten sat i han berre eit halvt år, frå april til desember 1955 var han utanriksminister. Åra 1955-57 var han finansminster.

Statsminister[endre | endre wikiteksten]

Macmillan vart i 1957 statsminister, då Anthony Eden gjekk av etter Suez-krisa. Eit akutt spørsmål han måtte take stilling til, var Kypros-spørsmålet. Indirekte vart dette spørsmålet aktualisert av Suez-krisa, men vel så avgjerande var geriljakrigen som EOKA førde. Macmillan utarbeidde ein plan som munna ut i Zürich-avtalen. Denne gav Kypros sjølvstende etter hundreår med utlandsk styre, dei siste tiåra som britisk kronkoloni. Han underteikna avtalen i London, saman med dei to andre statane som gjorde krav på øya, Tyrkia under Adnan Menderes og Hellas under Konstantin Karamanlis. I samsvar med avtalen beheldt britane to suverene militærbasar på Kypros. Desse, Dhekelia og Akrotiri, sit Storbritannia på, enno. Til liks med Tyrkia og Hellas fekk Storbritannia militær intervensjonsrett på heile øya.

Han leia det konservative partiet til valsiger i 1959 med slagordet You´ve never had it so good ("De har aldri hatt det så godt"). Utsegna spela på dei, etter den langvarige etterkrigskrisa, endeleg forbetra tilhøva. Samstundes vert ho sett som eit teikn på likesæle overfor den utilfredsstillande utviklingstakta i britisk økonomi. Denne låg klart bak produksjonsveksten i land som til dømes Vest-Tyskland.

Macmillan arbeidde iherdig for at Storbritannia skulle ha eit avskrekkande arsenal av kjernevåpen (atomvåpen). Han var ansvarleg for innkjøpet av dei US-amerikanske Polar-rakettane i 1962. Han føresåg endringar i det sørlege Afrika, og i februar 1960 heldt han ein berømt tale i Sør-Afrikas parlament i Cape Town. Der sa han mellom anna at The wind of change is blowing threw this continent ("Forandringas vind bles gjennom dette kontinentet"). Hans forsøk på å gjere Storbritannia til medlem av EEC (seinare EU) i 1962 vart stoppa av presidenten i Frankrike, Charles de Gaulle.

Våren 1963 heldt regjeringa Macmillan på å falle, grunna den såkalla Profumo-saka. Forsvarsministeren, John Profumo, trekte seg frå regjeirnga i juni månad. Macmillan gjekk av i juli 1963 av helsemessige grunnar.