Hengjebjørk
| Hengjebjørk | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Rekkje: | Magnoliophyta | |
| Familie: | Bjørkefamilien Betulaceae | |
| Slekt: | Bétula | |
| Art: | B. verrucósa | |
| Vitskapleg namn | ||
| Betula verrucosa | ||
Hengjebjørk, hengebjørk, vortebjørk eller låglandsbjørk (Betula verrucosa Ehrh., eller B. pendula) er eit tre i bjørkeslekta.
Ein skil treet frå dunbjørka ved at hengjebjørka har dobbelt sagtakka blad, harpiksvorter på årsskota og oppsprukken skorpebark på gamle stammar. Skota kan ofte hengje, noko som har gjeve namn til treet.
Hengjebjørka har kromosomtalet 2n=28; medan dunbjørka har 2n=56; trea vil likevel kunne danne hybrid med 2n=42.
Hengjebjørka veks på tørre marker i låglandet nord til Trøndelag, elles i Saltdal, Sørfold og Sør-Varanger.
Bruk [endre]
Av bjørkeartane som veks i Noreg, er det hengjebjørk som har produserer trevirke av best kvalitet. Spesielt ettertrakta er masurbjørka som har ved med flammespel.
Hengjebjørka er ofte planta i hagar. Det fisnt mange kultivarer til hagebruk, blant dei er orrnäsbjørk eller var. dalecarlica, som har særs djupe bladfliker.
Kjelder: [endre]
- Johannes Lid Norsk og svensk flora Det Norske Samlaget 1974 ISBN 82-521-0297-2