Heze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa av Heze (gul) i Shandong

Heze (kinesisk: 菏泽市; pinyin: Hézé Shì) er eit byprefektur sørvest i provinsen Shandong i Folkerepublikken Kina. Byprefekturet har eit areal på 12 239 km² og omkring 8,3 millionar ibuarar.

Byprefekturet Heze omfattar eitt distrikt (区 ) og åtte fylke (县 xiàn).

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Heze er den største produsenten i Kina av nasjonalblomsten peon; over 30 prosent av inntektene stammar frå peonhandelen.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Den viktige jarnbanelinja Jingjiubanen har stoppestad her på si ferd frå Beijing til Kowloon i Hongkong. Denne linja passerer mellom andre Hengshui, Shangqiu, Xinzhou, Jiujiang, Nanchang, Heyuan, Huizhou og Shenzhen.

Kinas riksveg 220 går frå gjennom prefekturet. Han tek til i Binzhou og endar opp i Zhengzhou i Henan. Kinas riksveg 327 tek til i Heze og fører til Lianyungang i Jiangsu.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]