Hengshui

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hengshui (gul) i Hebei
Rådhuset i Hengshui

Hengshui (kinesisk: 衡水; pinyin: Héngshuǐ) er eit byprefektur i provinsen Hebei i Kina. Prefekturet, som i søraust grensar til provinsen Shandong, har eit areal på 8 815 km² og 4 340 773 innbyggjarar i 2010. 460 240 menneske budde i sjølve byen.

Byprefekturet Hengshui omfattar eitt distrikt (区 ), to byfylke (市 shì) og åtte fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Prefekturet er eit av dei mest grøderike jordbruksområda i Nord-Kina. Hengfeng kolkraftverk ligg her.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Jarnbanesambandet Jingjiubana har stoppestad på si ferd frå Beijing til Kowloon i Hongkong. Denne linja strekker seg gjennom byar og provinsar som Heze, Shangqiu, Xinzhou, Jiujiang, Nanchang, Heyuan, Huizhou i Guangdong og Shenzhen. Også snøggtoget Qingdao-Taiyuan har stoppestad i Hengshui.

Kinas riksveg 106 går gjennom området. Han går frå Beijing og er innom mellom andre Puyang i Henan, Kaifeng, Ezhou og Shaoguan på sin veg sør til Guangzhou i Sør-Kina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]