Hippolyt Kempf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hippolyt Kempf i 2011

Hippolyt Kempf (fødd 10. desember 1965) er ein sveitsisk, tidlegare kombinertløpar. Han vart olympisk meister i kombinert i 1988, i same olympiaden var han også med på Sveits sitt lag som tok sølvmedalje i lagtevlinga. Seks år seinare vann han og Sveits ein ny OL-medalje i lagtevlinga på Lillehammer, ein bronsemdalje.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kempf debuterte i verdscupen den 4. januar 1986 og vart nummer 15 i kombinertrennet i Schonach. I slutten av februar månad kom han på åttandeplass i øvinga i Lahti-spelen. Han gjorde stor framgang til neste sesong og vann i romjula 1986 i Oberwiesenthal sin fyrste siger i verdscupen. I verdsmeisterskapen 1987 i Oberstdorf gjekk han seg inn til sjetteplassen.

Kempf lukkast overmåte under OL 1988 i Calgary; han vann den individuelle gullmedaljen framom Klaus Sulzenbacher frå Austerrike og Allar Levandi som representerte Sovjetunionen. Saman med Andreas Schaad og Freddy Glanzmann utgjorde han det sveitsiske tremannslaget som tok sølv i lagtevlinga, bakom Vest-Tyskland.

Dei same tre utøvarane sikra Sveits ein ny sølvmedalje i lagtevlinga under VM i Lahti året etter, Noregs tre utvalde vann ein overlegen triumf. Kempf vart nummer fire i den individuelle kombinerttevlinga i meisterskapen. Gjennom 1989-sesongen vann han elles to verdscuprenn og fekk ein andreplass. I 1989/90-sesongen vann han eitt verdscuprenn, medan han i den påfylgjande sesongen fekk to andre- og ein tredjeplass i verdscupen. Han kom den sesongen på sjuandeplass i ski-VM i Val di Fiemme.

Ein fjerdeplass i Schonach var Kempfs fremste prestasjon verdscupen i OL-sesongen 1992, og ein niandeplass same staden hans besteresultat i 1993. Under vinterleikaneLillehammer i 1994 vart Kempf nummer seks individuelt og var dagen etterpå delaktig då Sveits fekk bronsen i lagtevlinga. I det siste rennet for sesongen, i Thunder Bay 19. mars 1994, sigra Kempf føre Kenji Ogiwara, Trond Einar Elden og Bjarte Engen Vik. Han slutta då som aktiv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar