Trond Einar Elden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Trond Einar Elden (fødd 21. februar 1970) er ein tidlegare kombinert- og langrennsløpar frå Namdalseid som representerte Strindheim Idrettslag. Under VM på ski i Lahti i 1989 vart han den yngste verdsmeister i kombinert nokon gong, to dagar før han fylte 19 år. I same meisterskapen vann han også VM-gull i øvinga for lag. Elden tok bronsemedaljen i kombinert under VM i 1993, og fekk elles med seg eitt OL-sølv for lag i 1992, og to VM-sølv i same (1993 og 1999). Han vart norsk meister i kombinert same året som han vart verdsmeister, sidan vann han fem sølvmedaljar og tre bronsemedaljar i kombinert-NM.

Elden hadde sin store styrke i langrennsløypa, og dei siste åra som aktiv idrettsutøvar satsa han på sprinttevlingane i langrenn. Bård Jørgen Elden er ein eldre bror.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Elden debuterte i verdscupen i kombinert i Svenska skidspelen i Falun på tampen av 1988-sesongen, og vart nummer ni. På nyåret 1989 fekk han sitt gjennombrot då han kom på tredjeplass i Schonach, berre slått av Hippolyt Kempf frå Sveits og Sovjetunionens Andrej Dundukov. Ei veke seinare vart han nummer fire i eit nytt verdscuprenn i Reit im Winkl. Den 17. februar overraska Elden stort og vart verdsmeister på suverent vis, han kom i mål heile 2 minuttar og 39 sekundar føre sølvvinnaren Dundukov. Dagen etter gjekk Elden fyrsteetappen for Noregs gullvinnande lag i lagtevlinga, Trond Arne Bredesen gjekk andreetappen, medan Bård Jørgen Elden gjekk den avsluttande tredjeetappen. Etter VM-triumfane heldt Trond Einar Elden fram med å imponere. I mars månad vann han kombinertøvinga i både Holmenkollen og Lahti, før han avslutta sesongen med å verte juniorverdsmeister på Vang på Hedmark.

Frå 1990-sesongen tok den såkalla V-stilen over i skihoppinga, ein stil som Elden ikkje klarte å tileigne seg like bra som mange andre skihoppar. Etter å ha mislukkast i ski-VM 1991 i Val di Fiemme, var Elden i storform i mars månad 1991. Han vann tre strake sigrar i høvesvis Lahti, Falun og Holmenkollen. I 1992 vart han nummer ni i vinter-OL, og fekk ein sølvmedalje i lagtevlinga. Under ski-VM 1993 i Falun kom Elden på bronseplass i den individuelle øvinga, og fekk ein ny sølvmedalje i lagtevlinga.

Elden tok ein åttandeplass i kombinert under vinterleikaneLillehammer i 1994, men fekk ikkje plass på Noregs lag som gjekk inn til OL-sølv i lagtevlinga. I OL-sesongen hadde han elles to tredjeplassar i verdscuprenn som sine beste resultat. Året etter vart Elden nummer ni individuelt i ski-VM i Thunder Bay, men gjekk ikkje på Noregs lag som for fjerde gong på rad måtte nøye seg med sølv i lagtevlinga. Ein tredjeplass i Bad Goisern var hans største prestasjon i 1995-sesongen.

Frå og med 1996-sesongen sleit Elden med å kome med i Noregs tropp til dei store meisterskapane. Han deltok korkje i ski-VM 1997 i Trondheim, eller i vinter-OL 1998 i Nagano. Derimot fekk han plass i troppen til ski-VM i Ramsau i 1999. Der vart han nummer ti i normaløvinga i kombinert, før han gjekk fyrsteetappen på Noregs lag som vann sølvmedaljen i lagtevlinga.

Elden slutta med nordisk kombinert etter 2000-sesongen.

Sprint-langrenn[endre | endre wikiteksten]

Sesongane 2001-04 deltok i sprint-langrenn i verdscupen. To gongar kom han på andreplassen i verdscuprenn, det fyrste i februar 2001 i Nove Mesto og det andre i romjula same året i Salzburg. Begge gongane vart han slått av landsmenn; høvesvis Morten Brørs og Håvard Bjerkeli. Elden representerte Noreg på sprinten under VM i Val di Fiemme 2003, der han vart nr 24.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Elden vart tildelt Olavstatuetten i 1989. I 1991 vart han tildelt Holmenkollmedaljen i lag med Vegard Ulvang, Ernst Vettori og Jens Weissflog. Han fekk i 2004 Egebergs ærespris for sine prestasjonar i kombinert og langrenn, samt friidrett. I friidrett tevla han særleg i terrengløp.

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

# Dato Stad
1 3. mars 1989 Flag of Norway.svg Noreg Holmenkollen
2 11. mars 1989 Flag of Sweden.svg Sverige Falun
3 2. mars 1991 Flag of Finland.svg Finland Lahti
4 8. mars 1991 Flag of Sweden.svg Sverige Falun
5 15. mars 1991 Flag of Norway.svg Noreg Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1989: Gullmedalje på Geilo
  • 1990: Sølvmedalje på Gjøvik
  • 1991: Sølvmedalje i Misvær
  • 1992: Sølvmedalje i Trondheim
  • 1994: Sølvmedalje i Vegårshei
  • 1995: Sølvmedalje i Oslo
  • 1996: Bronsemedalje i Stryn
  • 1997: Nr 4 i Mo i Rana
  • 1998: Bronsemedalje i Berkåk
  • 1999: Bronsemedalje på Raufoss
  • 2000: Nr 7 i kombinert-sprint og nr 8 i kombinert-normal

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]