Hollies Sing Dylan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hollies Sing Dylan
Studioalbum av The Hollies
Språk engelsk
Utgjeve Mai 1969
Innspelt 14. og 16. august, 4–6. november 1968; 1. og 10. januar, 17–20. februar og 3–4. mars 1969 i Abbey Road Studios i London
Sjanger Rock, pop
Lengd 36:07
Selskap UK: Parlophone
Produsent Ron Richards
The Hollies-kronologi 
Hollies' Greatest
(1968)
Hollies Sing Dylan Hollies Sing Hollies
(1969)
Amerikansk The Hollies-kronologi
Dear Eloise / King Midas in Reverse
(1967)
Hollies Sing Dylan He Ain't Heavy, He's My Brother
(1969)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 stars[1]
Rolling Stone(positiv) [2]

Hollies Sing Dylan er eit coveralbum frå 1969 der The Hollies syng Bob Dylan-songar. Albumet kom ut i USA under namnet Words and Music by Bob Dylan med eit anna plateomslag, men same songar.[3] Songen vart først gjeve ut på CD i Vest-Tyskland seint i 1980-åra, men kom ikkje ut i resten av Europa før i 1993. Då kom albumet med to bonusspor, singelversjonen av «Blowin' in the Wind» og eit konsertopptak av «The Times They Are a-Changin'». Ei seinare nymastra utgåve i 1999 hadde med eit tredje bonusspor: eit konsertopptak av «Blowin' in the Wind».[4]

Albumet vart spelt inn og utgjeven etter Graham Nash forlet bandet for å byrje og spele med David Crosby og Stephen Stills i desember 1968 etter at eit forsøk på ein oppfølgjar til det psykedeliske konseptalbumet Butterfly gjekk skeis. Nash var frustrert over at bandet mislikte tekstane i dei nyaste songane hans. På denne tida var Nash den einaste som brukte LSD og marihuana og det oppstod eit skilje mellom han og resten av bandkollegaene som heldt seg til øl.

« Eg hadde skrive det eg meinte var somme interssante songar på den tida — 'Marrakesh Express', 'Right Between the Eyes', 'Lady of the Island' — og The Hollies var ikkje interesserte i dei. Og då eg sa i den første 'Sleep Song' til dømes 'I'll take off my clothes and I'll lay by your side', så sa dei 'Hei, du kan då ikkje syngje det. Me vil ikkje syngje noko skite. Å sei noko slikt til ein dopa musikar er latterleg.[5] »

Nash mislikte raskt retninga til bandet og særleg avgjersla om å spele inn eit heilt album med coverlåtar:

« Dette skjedde samstundes med at dei ønskte å spele inn eit album med Dylan-songar. Eg tenkte det var heilagbrot, fordi med gjorde på ein Las Vegas-måte, og det dreiv meg gal. Eg takla det ikkje..[5] »

Det er blitt hevda at albumet vart sterkt mislikt av både fans og kritikarar, men det selde godt og nådde tredjeplassen i Storbritannia, som var den nest høgaste plasseringa deira på denne lista. Likevel vart det neste albumet til gruppa kalla Hollies Sing Hollies for å blidgjere kritikarane. I eit intervju for Billboard i 1974 sa Clarke om albumet:

« På den tida var eg nøgd med albumet, men etter å ha tenkt på dei ei stund, så trur eg ikkje det var ei bra retning for The Hollies. Folk sa 'Korleis kan dei relatere seg til Dylan?' Me tenkte me skulle gjere det for Hollies-fansen, men eg leste eigentleg berre teksten til Dylan, og song dei ikkje. Eg kunne gjort det mykje betre.[6] »

Dette er det første albumet med det nye medlemmet Terry Sylvester, som erstatta Nash.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan, utanom «This Wheel's on Fire» skriven av Dylan og Rick Danko..

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«When the Ship Comes In»2:40
2.«I'll Be Your Baby Tonight»3:24
3.«I Want You»2:09
4.«This Wheel's on Fire»2:52
5.«I Shall Be Released»3:20
6.«Blowin' in the Wind»4:06
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Quit Your Low Down Ways»2:40
8.«Just Like a Woman»3:57
9.«The Times They Are a-Changin'»3:15
10.«All I Really Want to Do»2:19
11.«My Back Pages»2:55
12.«Mighty Quinn»2:24

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I følgje plateomslaget.[3]

  • Bernard Calvert – bassgitar, piano, orgel, klaverinstrument
  • Allan Clarke – vokal, munnspel
  • Bobby Elliott – trommer, perkusjon
  • Tony Hicks – vokal, sologitar, banjo
  • Terry Sylvester – vokal, rytmegitar

Strykearrangemeng og dirigering på «Blowin' in the Wind» av Mike Vickers. All andre strykarar var arrangerte og dirigerte av Lew Warburton.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Eder, Bruce. «The Hollies — Hollies Sing Dylan (Overview)». Allmusic. Henta 21. mars 2018. 
  2. Mendelsohn, John (1. november 1969). «Words and Music by Bob Dylan». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.) (45): 39. 
  3. 3,0 3,1 Hollies Sing Dylan (LP). The Hollies. Parlophone Records. 1969. PCS 7078. 
  4. «Dylan Cover Albums: Hollies Sing Dylan». 9/03/10. Arkivert frå originalen 17. august 2010. Henta 11/22/10. 
  5. 5,0 5,1 Zimmer, Dave (2004). 4 Way Street: the Crosby, Stills, Nash & Young Reader. Cambridge: Da Capo Press. s. 224–228. ISBN 978-0-9722591-5-6. 
  6. Kirsch, Bob (13. juli 1974). «Allan Clarke Back; Hollies Riding High». Billboard: 16, 20. Henta 22. mars 2018.