David Crosby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
David Crosby
Crosby (6898601286).jpg
David Crosby under ein konsert i Sidney i 2012 med Stills & Nash
Fødenamn David Van Cortlandt Crosby
Fødd 14. august 1941 (72 år)
Los Angeles i California i USA
Instrument Vokal
gitar
Sjanger Folkrock
rock
Aktive år 1963 - i dag
Yrke Musikar
Låtskrivar
Tilknytte artistar The Byrds
Crosby, Stills, Nash & Young
CPR
Plateselskap Atlantic, A&M, Rhino
Nettstad www.crosbycpr.com

David Van Cortlandt Crosby (fødd 14. august 1941) er ein amerikansk gitarist, songar og låtskrivar. I tillegg til solokarriera si var han med på å starte tre band: The Byrds, Crosby, Stills & Nash (som stundom er utvida med Neil Young) og CPR. Crosby er medlem av Rock and Roll Hall of Fame for arbeidet sitt med The Byrds og CSN.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

David Crosby vart fødd i Los Angeles i California. Foreldra hans var Aliph Van Cortlandt Whitehead og Floyd Crosby, ein filmfotograf som hadde vunne Oscarprisen. Han voks opp i California, og gjekk på fleire skular, mellom anna University Elementary School i Los Angeles, Crane Country Day School i Montecito og Laguna Blanca School i Santa Barbara.[1] Ved Crane deltok han i HMS Pinafore og andre musikalar, men vart bede om å ikkje kome attende fordi han ikkje gjorde det spesielt bra fagleg sett. Han tok eksamen ved Cate School i Carpinteria, og gjorde ferdig studiane sine der. I 1960 skilde foreldra hans seg og faren gifta seg på ny med Betty Christie Crosby.

Crosby gjekk òg på Santa Barbara City College.[1] Opphavleg var han ein dramastudent, men droppa ut for å spele musikk. Han flytta seg mot det same Greenwich Village-miljøet (som medlem av Les Baxter's Balladeers) som Bob Dylan deltok i, og delte til og med mentor med Dylan, den lokale Fred Neil. Med hjelp av produsenten Jim Dickson, spelte Crosby inn den første musikken sin i 1963.

The Byrds[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå The Byrds.

Crosby slo seg saman med Jim McGuinn (som seinare endra namn til Roger) og Gene Clark, og dei kalla seg the Jet Set. Dei tok inn trommeslagar Michael Clarke og Crosby prøvde på denne tida og spele bass, utan særleg hell. Seint i 1964 kom Chris Hillman med i bandet som bassist og Crosby tok over for Gene Clark på rytmegitar. Gjennom kjennskapen Jim Dickson (manageren til The Byrds) hadde med utgjevaren til Bob Dylan, klarte bandet å få tak i ein demo av Dylan sin «Mr. Tambourine Man» og spelte inn ein coverversjon av songen med 12-strengsgitaren til McGuinn og McGuinn, Crosby og Clark på vokalharmoni.[2] Songen vart ein massiv hit og nådde førsteplassen i både USA og Storbritannia i 1965.[2] Medan Roger McGuinn var ansvarleg for 12-strengsgitarlyden, som bandet vart så kjend for, var Crosby ansvarleg for dei svevande harmoniane og dei ofte uvanlege fraseringane i songane deira.

I 1966, forlet Gene Clarke, som til då hadde vore den viktigaste låtskrivaren deira, bandet på grunn av personlege problem. Dermed var det opp til Crosby og McGuinn og skrive nye songar. Crosby nytta høvet til å finpusse låtskrivareigenskapane sine og blømde snart som ein fruktbar og talentfull låtskrivar. Av dei tidlege Byrds-songane hans finn ein den klassiske hitten «Eight Miles High» frå 1966, som han skreiv i lag med Clark og McGuinn og B-sida «Why», skriven i lag med McGuinn.

Crosby er òg kjend som musikaren som populariserte songen «Hey Joe», etter å ha plukka denne opp frå Dino Valente. Han lærte songen til Bryan MacLean og Arthur Lee i bandet Love, som så lærte han vidare til The Leaves. Sidan han følte seg ansvarleg for å ha popularisert songen, overbeviste Crosby dei andre medlemmene i the Byrds om å spele inn deira eigen versjon for Fifth Dimension. På Younger Than Yesterday frå 1967 hadde Crosby tydeleg klart å etablere sin eigen låtskrivarstil.

Frå midten av 1967 byrja det å verte vanskeleg mellom Crosby og resten av The Byrds. Spaninga var stor etter den kjende konserten på Monterey Pop Festival i juni dette året, då Crosby heldt lange politiske talar mellom songane. Kvelden etter irriterte han McGuinn og Hillman ytterlegare då han etter å ha vorte invitert av Stephen Stills, steppa inn for Neil Young under ein konsert med Buffalo Springfield på same festival. Den indre striden kokte over under innspelinga av albumet Notorious Byrd Brothers i august og september. Dei krangla om kva songar som skulle med på albumet, og Crosby var ubøyeleg på at bandet skulle spele inn sine eigne songar. McGuinn og Hillman sparka Crosby i midten av september, etter han nekta å delta på innspelinga av Goffin og King sin «Goin' Back». Crosby sin kontroversielle song «Triad», som omhandla seksuell trekant og som vart spelt inn av bandet før han vart sparka, kom ikkj emed på albumet. Jefferson Airplane spelte inn «Triad» og gav han ut på albumet Crown of Creation i 1968. David Crosby song òg ein akustisk utgåve av denne songen solo på Crosby, Stills, Nash og Young sitt doble konsertalbum Four Way Street frå 1971.

I 1973 vart Crosby gjenforeint med dei originale Byrds-medlemmene for albumet Byrds, der Crosby var plateprodusent. Albumet selde dårleg og fekk laber kritikk, og markerte slutten for det originale bandet.

Crosby, Stills, Nash & Young[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Crosby, Stills, Nash & Young.
Crosby i 1974

På same tid som Crosby vart sparka frå The Byrds, møtte han den då arbeidsløyse Stephen Stills på ein fest heime hos (Mama) Cass Elliot i California i mars 1968 og dei to starta å møte og spele litt i lag. Dei kom etter saman med Graham Nash, som forlet det suksessrike bandet sitt The Hollies for å spele med Crosby og Stills. Konserten deira på Woodstock Music og Art Fair i august 1969 var faktisk den andre konserten deira i lag nokon gong.

Det første albumet deira, Crosby, Stills & Nash frå 1969 vart ein hit og gav to singlar på Topp 40 i USA og vart mykje spelt på det nye FM radio-formatet. På denne tida spelte gjerne radiopratarane albuma i sin heilskap.

Songane hans skreiv med CSN er mellom andre «Guinnevere», «Almost Cut My Hair», «Long Time Gone» og «Delta». Han var òg medlåtskrivar på «Wooden Ships» med Paul Kantner frå Jefferson Airplane og Stephen Stills.

I 1969 vart Neil Young med i gruppa og i lag med han spelte dei inn albumet Déjà Vu, som nådde førsteplassen på listene. Same året vart den langvarige kjærasten til Crosby, Christine Hinton, drepen i ei bilulukke. Crosby var knust og byrja å misbruke narkotika i langt større grad enn han hadde gjort tidlegare. Likevel klarte han å medverke med «Almost Cut My Hair» og tittelsporet «Déjà Vu». Etter at det doble konsertalbumet Four Way Street kom ut, tok gruppa ein pause for fokusere på sine indivudlelle solokarrierar.

I desember 1969 spelte Crosby med CSNY på Altamont Free Concert med The Rolling Stones som vertskap. Dei spelte dermed på alle dei tre ikoniske rockefestvalane i 1960-åra: Altamont, Monterey Pop og Woodstock. På byrjinga av det nye tiåret spelte han ei kort stund med Jerry Garcia, Phil Lesh og Mickey Hart frå Grateful Dead som «David and the Dorks», og dei spelte in konsert på the Matrix den 15. desember 1970.

CSNY kom saman igjen i 1973 ved Winterland i San Francisco. Dette var opptakten til ein særs suksessrik stadionturne sommaren 1974. Før turneen prøvde dei fire medlemmene å spele inn eit nytt album, kalla Human Highway. Innspelinga, som fann stad på ranchen til Neil Young, var særs ubehagleg og markert av konstant småkrangling. Kranglinga tok etter kvart overhand og albumet vart kansellert.

Under øvingane for turneen i 1974 spelte CSNY David Crosby-songen «Little Blind Fish». Ein annan versjon av songen kom seinare med på det andre CPR-albumet to tiår seinare.

Turneen i 1974 var òg prega av konstant krangling, men dei klarte å kome seg gjennom han. I 1974 vart det gjeve ut eit samlealbum kalla So Far.

I 1976, som separate duoar, jobba både Crosby & Nash og Stills & Young på sine eigne album, og dei avtalte å gjere arbeidet om til eit CSNY-album. Dette forsøket enda bittert då Stills og Young sletta vokalen til Crosby og Nash frå albumet deira Long May You Run.

CSNY spelte ikkje i lag igjen før Live Aid i Philadelphia i 1985 og spelte sidan berre sporadisk i 1980- og 1990-åra (hovudsakleg ved den årlege Bridge School Benefit organisert av kona til Young, Pegi). Utan Young har derimot Crosby, Stills & Nash spelt mykje i lag sidan 1977. Trioen turnerte både etter albuma CSN i 1977 og Daylight Again i 1982, og så frå seint i 1980-åra har dei ofte turnert i lag . Sidan 1982 har dei gjeve ut fire album: American Dream (1988, med Young), Live It Up (1990), After The Storm (1994) og Looking Forward (1999, med Young). I tillegg har Crosby & Nash gjeve ut albumet Crosby & Nash i 2004.

I 2000, 2002 og 2006 la CSNY ut på turne i lag.

Crosby, Stills og Nash spelte i lag i ein episode av The Colbert Report i 2008 og «Neil Young» vart med dei mot slutten av episoden. Men det viste seg etter kvart at det berre var Stephen Colbert som etterlikna Young då gruppa song «Teach Your Children».

Solokarriere[endre | endre wikiteksten]

I 1971 gav Crosby ut det første soloalbumet sitt, If I Could Only Remember My Name, med hjelp frå både Nash, Young, Joni Mitchell, samt medlemmer frå Jefferson Airplane, the Grateful Dead og Santana. Det vart kritisert av Rolling Stone då det kom ut, men har sidan vunne stor respekt hos kritikarane.

Som duo spelte Crosby og Graham Nash ut fire studioalbum og to konsertalbum.

Somme andre populære songar Crosby skreiv i 1970-åra er mellom andre «Where Will I Be?», «Carry Me», «Bittersweet», «Time After Time», «Foolish Man» og «In My Dreams».

Han fornya banda han hadde til San Francisco under innspelinga av soloalbumet sitt, og deltok i electronicprosjektet til Ned Lagin kalla Seastones, i lag med medlemmer frå Grateful Dead og Jefferson Starship.[3] Han song òg korvokal på «Highway Song» på Hot Tuna sitt album Burgers. I 1999 song han duett på Return of the Grievous Angel: A Tribute to Gram Parsons i lag med Lucinda Williams.

Crosby speler i 2006

I 2006 arbeidde Crosby med David Gilmour på det tredje soloalbumet hans: On an Island, i lag med Nash. Albumet kom ut i mars 2006 og nådde førsteplassen i Storbritannia. Både Crosby og Nash spelte òg med Gilmour på konserten han heldt i Royal Albert Hall i London i mai 2006 og turnerte i lag i USA.

Skodespelarkarriere[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 1990-åra dukka Crosby opp i ei gjesterolle i fleire episodar av The John Larroquette Show. Han var òg med i ein episode av Roseanne. Han har òg hatt småroller i andre seriar. I 1991 var han sjørøvar i filmen Hook og hippie i filmen Backdraft. I 1991 spelte han bartender i filmen Thunderheart.

Crosby har òg gjort si eiga stemme i to episodar av The Simpsons, «Marge in Chains» og «Homer's Barbershop Quartet».

Naroktikaskuldingar og fengselsopphald[endre | endre wikiteksten]

I 1982 vart Crosby dømd til 9 månader i fengsel etter fleire siktingar for narkotika- og våpenmisbruk. Naroktikasiktinga var besittelse av heroin og kokain.

I 1985, under prøvetida hans, vart han arrestert for å ha fyllekøyrt og for å ha gøymd ein pistol. Det vart funne kokain i bilen hans. Då han vart spurt om våpenet skal han berre ha svart «John Lennon, man», og så kome med dette svaret på alle spørsmål han vart spurt seinare i avhøyret.

I mars 2004 vart han igjen sikta for å halde våpen, samt ein jaktkniv, ammunisjon og marihuana. Crosby vart arrestert etter at hotelltilsette hadde gått gjennom kofferten hans, og Crosby vart arrestert då han kom attende til hotellet. Han vart lauslaten, men måtte betale ei bot på $5000.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg diskografien til Crosby, Stills, Nash & Young og diskografien til The Byrds.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Zimmer, Dave og Diltz, Henry. (1984). Crosby, Stills & Nash: The Authorized Biography (First edition). St. Martin's Press. ss. 2. ISBN 0-312-17660-0. 
  2. 2,0 2,1 Rogan, J. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited. Rogan House. ISBN 0-95295-401-X. 
  3. Zimmer, Dave og Diltz, Henry. (1984). Crosby, Stills & Nash: The Authorized Biography (First edition). St. Martin's Press. ss. 179. ISBN 0-312-17660-0. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]