Rick Danko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rick Danko
Rick Danko 79.jpg
Rick Danko, 9. juli 1979
Foto: Bob Sanderson

på Woodstock Reunion, 1979

Verkeleg namn Richard Clare Danko
Fødd 29. desember 1943, Green's Corners i Ontario i Canada
Død 10. desember 1999 (55 år), Marbletown i New York i USA
Instrument Vokal, bass, kontrabass, fele, gitar, mandolin, trekkspel, trombone, piano, banjo
Sjanger Rock, blues, countryrock, folkrock, folk
Aktive år 1956–1999
Yrke Musikar, låtskrivar, skodespelar
Tilknytte artistar The Band, Ronnie Hawkins, Bob Dylan, Ringo Starr & His All-Starr Band, Danko, Fjeld, Andersen
Plateselskap Capitol, Arista, Rykodisc, Woodstock, Breeze Hill
Kjende instrument
Fender Bass VI, Ampeg AUB-1, Gibson Ripper, Custom semi-hollow 5-strengsbass

Richard Clare "Rick" Danko (29. desember 194310. desember 1999) var ein kanadisk musikar og songar, mest kjend som medlem av The Band.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Dei tidlege musikalske heltane hans var Hank Williams og seinare Sam Cooke. Medan han gjekk på skulen spelte han 4-strengs banjo.[1]12-13 år gammal danna han Rick Danko Band,[2] og 14 år gammal forlet han skulen for å spele musikk. 17 år gammal skreiv han seg sjølv opp som oppvarming for Ronnie Hawkins,[3] ein amerikansk rockabillyartist.

Hawkins inviterte Danko med seg i The Hawks som rytmegitarist. Samstundes vart bassisten i Hawks, Rebel Paine, sparka av Hawkins, og Danko måtte lære seg å spele bass. I september 1960 hadde han vorte bassisten til Hawkins. Like etter kom pianisten Richard Manuel og organisten Garth Hudson med i bandet. The Hawks spelte med Hawkins fram til midten av 1963. Tidleg i 1964 forlet bandet Hawkins for å starte for seg sjølve.[4]

Danko og dei tidlegare Hawks spelte først som Levon Helm Sextet, med saksofonisten Jerry Penfound, og vart seinare The Canadian Squires, etter at Penfound forlet bandetm, før dei til slutt vart heitande Levon and the Hawks. I 1965 hadde dei spelt inn to singlar som Canadian Squires då dei møtte den legendariske bluesartisten Sonny Boy Williamson og planla eit samarbeid med han, men han døydde før dei kom så langt. På same tid vart bandet kontakta av Bob Dylan som ønskte dei som backingband på den komande turneen hans. Danko turnerte med Dylan fram til may 1966. Etter turneen flytta Bob Dylan til Woodstock i New York, og the Hawks følgde kort tid etter.[5]

Nær Woodstock flytta bandet inn i eit rosa hus, i Saugerties i New York. Her skifta dei namn til The Band og spelte inn det første albuem sitt, Music from Big Pink, som kom ut i 1968. Før dei kom så langt spelte dei inn mange songar i heimen til Dylan. Desse innspelingane kom ut som The Basement Tapes i 1975. Danko song solovokal på tre av songane på debutalbumet, mellom anna «This Wheel's on Fire», som Danko hadde skrive i lag med Dylan.[6] Før The Band kunne promotere albumet med ein turne, vart Danko alvorleg skadd i ei bilulukke og han braut nakken og ryggen på seks stader, noko som sette han i traksjon i fleire månader. Danko song òg solovokal på fleire av songane på det neste albumet deira, The Band.

Danko spelar med The Band. Hamburg, 1971. Foto: Heinrich Klaffs.

Sjølv om The Band spelte sin siste konsert («The Last Waltz») på Winterland i november 1976 hadde ikkje Danko tenkt å legge musikkarrieren på hylla. Clive Davis gav han ein kontrakt med Arista Records og han vart den første av Band-medlemmene som gav ut eit soloalbum. Det kom ut i 1977 som Rick Danko med alle dei tidlegare bandkameratane sine, samt Ronnie Wood, Eric Clapton, Doug Sahm og broren til Danko, Terry. Albumet selde dårleg og etter ein oppfølgjar vart han sparka frå Arista.

Frå 1983 til 1999 spelte Danko i eit gjenforeint The Band, med Helm, Hudson og gitaristen Jim Weider (og frå 1983 til 1986, Manuel). I 1991 spelte han i lag med Eric Andersen og norske Jonas Fjeld. Trioen vart kalla Danko/Fjeld/Andersen. Trioen vann Spelemannsprisen dette året.

I 1989 turnerte Danko med Levon Helm og Garth Hudson som ein del av Ringo Starr sitt første All-Star Band.

Han song på Pink Floyd-songane «Comfortably Numb» og «Mother», den første i lag med Van Morrison, Roger Waters og Levon Helm, og den siste i lag med Helm og Sinéad O'Connor den 21. juli 1990, i Roger Waters sin store produksjon av The Wall Concert in Berlin.

Danko spelte inn mange demoar og spelte på mange album av andre artistar frå 1980-åra og framover. I 1997 gav han ut konsertalbumet Rick Danko in Concert. To år seinare kom Live on Breeze Hill, og då han døydde arbeidde han på eit fjerde soloalbum, Times Like These. I same perioden spelte The Band utan Robertson, inn tre album.

I 1997 vart Danko funnen skuldig i å prøve å smugle heroin inn i Japan. Då han døydde 10. desember 1999 var han derimot utan spor av narkotika i kroppen. Han sovna stille inn, men det vart etter ein obduksjon klargjort at hjartestoppen kom av langvarig narkotikamisbruk.[7][8]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fuller Up The Dead Musician Directory». The Dead Musician Directory. Copied from an article posted i the newsgroup rec.music.dylan by Mike Fink.. http://elvispelvis.com/rickdanko.htm#obit. Henta 22. januar 2011. 
  2. Rising Sun Sage. Gary Alexander. 05 July 2003. Hudson Valley Music.
  3. Rick Danko - The Last Interview. Robert L. Doerschuk. 07 December 1999. All-music Guide.
  4. Life Is A Carnival. Rob Bowman. 26 July 1991. Goldmine.
  5. Sounes 2001, s. 221
  6. Hoskyns, Barney. «Liner Notes for The Band 2000 remasters». theband.hiof. http://theband.hiof.no/articles/hoskyns_ln_remasters.html. Henta 22. januar 2011. 
  7. Sydney Morning Herald article: "Waltz time."
  8. New York Daily News article: "WONDER 'WALTZ' Scorsese's classic rock film returns."

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]