Howard Chandler Robbins Landon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Howard Chandler Robbins Landon (6. mars 192620. november 2009), namnet gjerne forkorta HC Robbins Landon eller Robbins Landon, var ein amerikansk journalist og musikkvitar. Han er mest kjend for sitt arbeid rundt komponisten Joseph Haydn.

Liv[endre | endre wikiteksten]

HC Robbins Landon blei fødd i 1926 i Boston, Massachusetts. Han studerte musikk ved Swarthmore College, og seinare Boston University. På femtitalet jobba han som europakorrespondent for avisa The Times, og fekk difor ei unik moglegheit til å reisa bak jarnteppet. Dette opna mellom anna for at han fekk tilgang til arkiva til Eszterhaz-slekta i Ungarn, der store mengder dokument om Joseph Haydn sitt liv og virke låg gøymt bort. Oppdagingane han gjorde i Eszterhaz-arkiva la grunnlaget for det store fem-bindsverket «Haydn: Chronicle and Works», som låg ferdig i 1980.

HC Robbins Landon vart gift tre gonger. Han døydde i Frankrike den 20. november 2009.

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

HC Robbins Landon byrja si karriere som bokforfattar med boka «Symphonies of Joseph Haydn», fyrst gjeve ut i 1955. Etter dette gav han ut ei mengd bøker, med hovudvekt på Joseph Haydn, men han skreiv òg om Wolfgang Mozart og Antonio Vivaldi.

Det viktigaste litterære verket til Robbins Landon er utan tvil fem-bindsverket «Haydn: Chronicle and Works». Verket er ikkje berre ein kronologisk gjennomgang av Haydn sitt liv, men inneheld òg utdrag og evalueringar av litterære kjelder frå Haydn si samtid, samt ein kort gjennomgang av ei stor mengd med Haydn-verk. Boka var mogleg som eit resultat av at han fekk tilgang til Eszterhaz-arkiva, og er utan tvil det mest omfattande litterære verket om Haydn som eksisterer.

Utover sitt arbeid som forfattar har Robbins Landon og gjeve ut nye utgåver av partitura til store mengder musikk av Haydn. Viktigast av desse er den fyrste utgåva av partitur til alle Haydn-symfoniane, gjeve ut av Universal Edition i 1965. Før dette var det ikkje mogleg å oppdriva framføringsnoter for mange av dei tidlege, mindre kjende symfoniane, og som eit resultat har ein i tida etter teke eit oppgjer med mange tidlegare oppfatningar om desse verka.

For det store musikalske arbeidet sitt vart Robbins Landon tildelt Ernst von Siemens’ musikkpris i 1992.

The Haydn Society og plateutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

HC Robbins Landon har vore essensiell for ny-evalueringa av Joseph Haydn sin musikk etter andre verdskrigen. I 1949 starta han «The Haydn Society» i Boston, som hadde som mål å gje ut alle i ei fullstendig Haydn-utgåve. Dette målet blei aldri nådd, men foreininga klarte likevel å vera dei fyrste til å spela inn mange av Haydn-verka, til dømes operaen L’anima del filosofo, som Landon sjølv fann manuskripta til i Eszterhaz-arkiva. Viktige blant desse utgjevingane var messene til Haydn, verk som med få unntak var lite spela tidlegare.

Foreininga fekk og spela inn ei legendarisk utgåve av Mozart sin opera seria Idomeneo, der ein for fyrste gong på nesten 200 år fekk høyra operaen slik Mozart originalt hadde skrive han. (Mozart reviderte kort etter premieren fleire ting i operaen for å tilnærma seg Gluck-stilen, som var særs populær på den tida.)


Bøker[endre | endre wikiteksten]

(Denne lista er ikkje komplett, og inneheld berre engelskspråklege bøker; Ho inneheld heller ikkje noteutgjevingar der Robbins Landon har vore redaktør.)

  • Symphonies of Joseph Haydn (1955)
  • Beethoven; a documentary study. Compiled and edited by H.C. Robbins Landon. New York: Macmillan. 1970.
  • Haydn: Chronicle and Works. London: Thames and Hudson, 1976-1980:
    • Haydn: The Early Years 1732-1765
    • Haydn at Eszterhaza 1766-1790
    • Haydn in England 1791-1795
    • Haydn: Haydn the Years of "the Creation" 1796-1800
    • Haydn: The Late Years 1801-1809
  • Haydn: A Documentary Study. New York: Rizzoli, 1981. ISBN 0-8478-0388-0.
  • Mozart and the Masons : new light on the lodge "Crowned hope". New York, N.Y. : Thames and Hudson, 1983, c1982. ISBN 0-500-55014-X.
  • Handel and his World. (First American Edition.) Boston: Little, Brown. 1984. ISBN 0-316-51360-1.
  • 1791: Mozart's Last Year. London and New York, N.Y. : Thames and Hudson, 1988, 1999. ISBN 0-500-28107-6 (1999 edition).
  • With Wyn Jones, David: Haydn, His Life and Music. Bloomington: Indiana University Press. 1988. ISBN 0-253-37265-8.
  • Mozart, the golden years, 1781-1791. New York: Schirmer Books, 1989. ISBN 0-02-872025-3.
  • Mozart and Vienna. First American Edition: New York : Schirmer Books : Maxwell Macmillan International, 1991. ISBN 0-02-871317-6.
  • Vivaldi: Voice of the Baroque. London: Thames & Hudson, 1993. ISBN 0-500-01576-7.

Lenkjer[endre | endre wikiteksten]