Huesca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Huesca
Huesca desde la Catedral I.JPG
Flagget til Huesca Byvåpenet til Huesca
Flagget til Huesca Byvåpenet til Huesca
Motto
«Porten til Pyreneane»
Plassering
Huesca is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Aragón
Provins Huesca
Grunnlagd 1. hundreåret fvt.
Borgarmeister Fernando Elboj Broto
Geografi
Flatevidd
 - By

161 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

51 117
  317,5 /km²
Koordinatar 42°08′″N 0°25′″WKoordinatar: 42°08′″N 0°25′″W
Høgd over havet 488 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 22001 - 22006
Telefon-retningsnummer 974
Nettstad: www.huescaturismo.com

Huesca (aragonesisk Uesca førromersk iberisk Bolskan; latinsk Osca) er ein by nordaust i Spania i den autonome regionen Aragón. Han er òg hovudstad i provinsen med same namn. Byen har like over 50 000 innbyggjarar, nesten ein fjerdedel av innbyggjarane i provinsen. Han er ein av dei minste provinshovudstadane i Spania. Huesca feirar Fiestas de San Lorenzo, ein fest for Sankt Laurentius, frå 9. til 15. august.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Montearagón-borga (hovudsakleg i ruinar), bygd i 1085.

Det før-romerske iberiske namnet på Huesca var Bolskan. Han var hovudstaden til ilergetane nord i Hispania Tarraconensis, på vegen frå Tarraco (dagens Tarragona) og Ilerda (dagens Lleida) til Caesaraugusta (dagens Zaragoza)[1] og var underlagt Caesaraugusta. Plinius[2] plasserer Oscenses i Vescitania, eit distrikt som ikkje er nemnd andre stader.[3]. Bynamnet vart Osca og var ein romersk koloni, Urbs Victrix Osca, under Romarriket. Under Quintus Sertorius, ein romersk helt, gjorde Osca til basen sin og byen fekk prege sine eigne myntar. Her låg den prestisjefylte skulen grunnlagd av Sertorius for unge iberarar.

Bjølla i Huesca, av José Casado del Alisal.

Den romaniserte byen med forum vart ein municipium etter eit skriv frå Augustus i år 30 f.kr.. Han vart kalla Wasqaharabarane erobra området, og den forskansa byen var ein del av forsvaret mot grensa til dei kristne grevane og lokale kongane i Pyreneane. I 1094 bygde Sancho Ramirez Montearagón-borga i nærleiken for å leggje ei omleiring på Wasqah, men han døydde her av ei villfaren pil medan han undersøkte bymurane. Byen vart erobra i 1096 av Peter I av Aragon.

Under den spanske borgarkrigen (1936-39) var «Huescafronten» åstad for nokre av dei verste kampane mellom republikanarane og hæren til Franco. Byen vart omleira av republikanarane, men fall ikkje.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Antonine Itinerary s. 391, 451.
  2. iii. 3. s. 4.
  3. Plinius i den tredje boka av Naturalis Historia. Omsetjing på http://penelope.uchicago.edu/holland/pliny3.html.