Ibn al-Haitham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Abu-Ali al-Hasan ibn al-Haitham frå ein irakisk pengesetel, 1982

Abu-Ali al-Hasan ibn al-Haitham (latin: Alhazen), (ca. 9651039) var ein arabisk astronom, fysikar og matematikar. Han var fødd i Basra i Persia, no Irak, og døydde truleg i Kairo.

Al-Haitham var ein pioner innanfor optikk, ingeniørvitskap og astronomi. Han gjorde studium av det menneskelege auget og synssansen, han skreiv om lysbryting, særskild i atmosfæren, og forklarte mellom anna kvifor sol og måne verkar større rett over horisonten. Han forklarte korleis linser fungerer, og eksperimenterte med parabolspegelar. Han forklarte lysbrytinga ved overgangen til eit tettare medium. Han diskuterte problemet med regnbogen, men utan å kome fram til ei haldbar forklaring.

Hovudverket hans er sjubindsverket Optikk (Kitab al-Manazir), skrive mellom 1015 og 1021, og seinare omsett til latin mot slutten av 1100-talet eller byrjinga av 1200-talet. Verket fekk stor tyding gjennom mellomalderen og renessansen, og påverka seinare mellom anna Roger Bacon og Johannes Kepler. Arbeida av al-Haitham om geometri vart funnen att i Bibliothèque nationale de France i Paris i 1834. Andre manuskript er tekne vare på i Leiden og i Bodleian-biblioteket i Oxford.

Optikk er truleg det første verket i historia som brukar ein vitskapleg metode. I antikken trudde ein at sanninga blir nådd gjennom logisk resonnement åleine; eksperiment vart brukt til demonstrasjonar. Al-Haitham brukte eksperiment til å teste teoriane sine. Til dømes brukte han eksperiment for å bevise at Aristoteles hadde rett i teorien sin om at syn skuldast at auget mottok lys frå den sedde gjenstanden - og ikkje at auget sender ut strålar, som Evklid og Ptolemaios hadde hevda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Al-Haitham» frå Wikipedia på bokmål, den 18. februar 2012.
  • Sabra, A. I., ed. The Optics of Ibn al-Haytham, Books I-II-III: On Direct Vision. The Arabic text, edited and with Introduction, Arabic-Latin Glossaries and Concordance Tables, Kuwait: National Council for Culture, Arts and Letters (1983)
  • Sabra, A. I., ed. The Optics of Ibn al-Haytham. Edition of the Arabic Text of Books IV-V: On Reflection and Images Seen by Reflection. 2 vols, Kuwait: The National Council for Culture, Arts and Letters (2002)
  • Sabra, A. I., trans. The Optics of Ibn al-Haytham. Books I-II-III: On Direct Vision. English Translation and Commentary. 2 vols, Studies of the Warburg Institute, vol. 40, London: The Warburg Institute, University of London, (1989) ISBN 0-85481-072-2
  • Smith, A. Mark, ed. Alhacen on the Principles of Reflection: A Critical Edition, with English Translation and Commentary, of Books 4 and 5 of Alhacen's De Aspectibus, the Medieval Latin version of Ibn-al-Haytham's Kitāb al-Manāzir, 2 vols, Transactions of the American Philosophical Society (Philadelphia: American Philosophical Soc.) 96 (2–3), (2006) ISBN 0-87169-962-1

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]