Kolonimakt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kolonimakter og koloniar i 1945

Ei kolonimakt er eit land, oftast ei stormakt, som har formell kontroll over andre land, som da blir kalla koloniar. Dei fremste kolonimaktene i verdshistoria var Spania, Portugal, Frankrike og Storbritannia. Men også statar som Nederland, Belgia, Italia og Tyskland var kolonimakter. I motsetning til dei nemnte landa, som hadde koloniar i andre verdsdelar, koloniserte stormaktene Russland og Japan nærområda sine. USA var som tidlegare koloni formelt imot kolonialisme (endå dei rådde over Filippinane), og dette landet sin ekspansjon tok derfor i hovudsak form av enten rein erobring av tidlegare indianske og meksikanske område, kjøp frå Russland, eller uformell, men svært reell dominans over andre land, særleg i Latin-Amerika, såkalla nykolonialisme. Kolonialisme og nykolonialisme kan også kallast imperialisme. Imperialismen har ført til mange millionar dødsfall rundt om i verda.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]