Ingvald Godal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingvald Godal
Fødd26. oktober 1934
Aker kommune
Død28. januar 2019 (84 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre (1983; ukjend), Senterpartiet (ukjend; 1983)
Yrkepolitikar, offentleg tenestemann, rådmann, ingeniør
Utdanna vedHeriot-Watt University
Alle verv

Ingvald Åsmund Godal (26. oktober 193428. januar 2019) var ein norsk sivilingeniør og Oslo-fødd politikar. Han var stortingsrepresentant frå 1985 til 2001, vald frå Telemark fylke for partiet Høgre.

Prestesonen Godal tok examen artium ved Hamar katedralskole i 1953 og sivilingeniøreksamen på bygglina ved Heriot-Watt University i Edinburgh i 1959. Seinare utdanna han seg vidare ved Noregs landbrukshøgskule og Forsvarets høgskole.

Etter å ha vore konstruktør i konsulentfirmaet Grønvold i Oslo i 1959-60, arbeidde Godal fram til 1965 som vegingeniør i Departementet for offentlige arbeid i Nord-Nigeria og som leiar av Norconsult A/S sitt Uganda-kontor til 1969. Deretter leia han eit års tid Det Lutherske Verdsforbundet sitt hjelpearbeid under Biafrakrigen. Frå 1971 til -82 dreiv han eige ingeniørfirma i Rauland i Telemark. Åra 1982-85 var han rådmann i Vinje kommune.

Godal engasjerte seg politisk i Senterpartiet og var formann i Oslo Senterparti 1969-71. I Korvald-regjeringa var han statssekretær i Miljøverndepartementet. Perioden 1976-79 var han ordførar i Vinje kommune, og 1979-81 formann i Telemark Senterparti. I 1983 braut han med Senterpartiet og melde seg inn i Høgre. Til stortingsvalet 1985 fekk han andreplassen på Telemark Høgre si valliste, og lukkast å kome inn på Tinget som sistemann frå fylket. Med tre attval representerte han Høgre på Stortinget til 2001. Dei fire fyrste tingsesjonane var han med i Engeri- og industrikomiteen, sidan fast i Forsvarskomiteen.

Goldal engasjerte seg elles med kraft og iver på ulike felt. Han var 1977-85 formann i Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar, 1982-87 styreformann i Telemarksforsking, 1985-87 visepresident i Norges Forsvarsforening og 2002-07 leiar i Norsk støttekomité for Tsjetsjenia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]