Jóanes Nielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jóanes Sekjær Nielsen (fødd 5. april 1953 i Tórshavn) er ein færøysk forfattar. Han voks opp i Tórshavn, og budde også ei tid i Tvøroyri, og har forutan forfattar også vore sjømann og bygningsarbeidar. Nielsen er sjølverklært kommunist, færøysk nasjonalist, og har markert seg som samfunnskritisk.[1][2]Han har skrive både noveller, skodespel, diktsamlingar og romanar. Mange av Nielsen sine utgjevingar er omsett til dansk og norsk, til sistnemde av Lars Moa.

I 1984 mottok han M.A. Jacobsens Heiðursløn for Pinnabrenni til sosialismuna, og i 2002 mottok han Nordisk dramatikerpris for Eitur nakað land week-end?. Han har vore nominert til Nordisk Råds litteraturpris frå Færøyane fem gonger, i 1988, 1994, 1999, 2004 og 2012.


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kongeriket Jóanes Nielsen (25. november 2007).
  2. Ei stemme som ber (26. juni 2004).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

.