Jökulsárlón

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jökulsárlón
innsjø
Land  Island
Innsjøtype Bresjø
Areal 18 km²
Største djupn om lag 200 m
Koordinatar 64°03′08″N 16°21′37″WKoordinatar: 64°03′08″N 16°21′37″W
Kart
Jökulsárlón
64°4′13″ N 16°12′42″ W
Wikimedia Commons: Jökulsárlón
Enden av isbreen er til venstre.

Jökulsárlón er den største, og kanskje den mest kjende, bresjøenIsland. Han ligg ved sørenden av isbreen Vatnajökull mellom Skaftafell nasjonalpark og Höfn. Han oppstod først i 1934-1935 og voks frå 7,9 km² i 1975 til minst 18 km² i dag på grunn av kraftig smelting av isbreen. Med eit djup på om lag 200 meter er Jökulsárlón no truleg den nest djupaste innsjøen på Island.

Jökulsárlón ligg heilt ved kysten og erosjon frå isbreen og elva som renn ut frå innsjøen vil truleg gjere han om til ei vik eller ein fjord ein gong i framtida. Det er planar om å hindre dette sidan den einaste vegen i området går over eit smalt eid mellom innsjøen og havet.

Innsjøen ligg like ved Hringvegur, den islandske ringvegen, og bussar har rute mellom Höfn og Reykjavík og stoppar vanlegvis her. Innsjøen er fylt med isfjell, som har kalva frå breen Breiðamerkurjökull.

Nær Jökulsárlón ligg det to andre bresjøar, Fjallsárlón og Breiðárlón.

Ei isblokk ved breidda av Jökulsárlón

I media[endre | endre wikiteksten]

Fleire filmar har scenar frå Jökulsárlón, inkludert Beowulf og Grendel, Tomb Raider, Die Another Day (James Bond), Batman Begins og A View to a Kill (James Bond).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jökulsárlón

Kjelder[endre | endre wikiteksten]