Jacques Hébert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jacques René Hébert

Jacques René Hébert, kjend under pseudonymet Père Duchesne, fødd 15. november 1757 i Alençon, daud 24. mars 1794 i Paris, var ein fransk avissmann og politikar.

Hébert søkte med sine temmeleg grovkorna artiklar i det folkelege bladet Le Père Duchesne å føre ordet for underklassen mot den hata kongemakta i Frankrike under den franske revolusjonen. Hébert, som i cordelierklubben leidde venstrefløya, dei såkalla hébertistane, hadde ei tid stor innverknad på den folkelege opinionen, særleg sansculottane.

Etter å ha kritisert Maximilien Robespierre i skarpe ordelag og freista vende den folkelege opinionen mot han, vart Hébert giljotinert våren 1794.

Kjelde: Svensk wikipedia.