James Connolly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For den amerikanske idrettsutøvaren og forfattaren, sjå James Brendan Connolly.
James Connolly

James Connolly (5. juni 186812. mai 1916) var ein irsk nasjonalist og arbeidarleiar. Han var fødd som son av irske innvandrarar i Edinburgh i Skottland, og døydde da han blei avretta av dei britiske styresmaktene i Dublin i Irland etter Påskeopprøret i 1916.

Connolly begynte i lønsarbeid alt som 11-åring, men trass i dette blei han ein av dei leiande venstreorienterte teoretikarane i samtida si.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Connolly danna Irish Socialist Republican Party ISRP i 1896, og var ein av leiarane i den viktige fagorganisasjonen Irish Transport and General Workers Union, saman med James Larkin. Under ein storlockout i 1913 danna han den fagforeiningsbaserte militsen Irish Citizen Army (ICA), for å forsvare streikande arbeidsfolk mot overgrep frå politiet. Men målet deira var ein sjølvstendig og sosialistisk irsk nasjon.

Irish Socialist Republican Party ISRP skifta i 1909 namn til Socialist Party of Ireland. Da Communist Party of Ireland blei danna i 1921, såg det seg sjølv som eit framhald av ISRP og SPI.

Opprør[endre | endre wikiteksten]

Connolly var skeptisk til ikkje-sosialistiske nasjonalistgrupper, som Irish Volunteers og Irish Republican Brotherhood. Men i 1916 blei dei samde om å gå til aksjon mot Det britiske imperiet ilag. Opprøret starta den 24. april, og er berømt som Easter Rising eller Easter Rebellion, Påskeopprøret i 1916. Der deltok Connolly som kommandant i Dublinbrigaden, og faktisk kommandant for heile oppstanden.

Etter oppstanden var slått ned, og dei overlevande hadde overgitt seg, blei han avretta av britane enda han var så hardt såra at han ikkje kunne stå da han blei skoten. Dei skaut han fastsurra i ein stol. Han etterlet seg kone og barn.

Innverknad[endre | endre wikiteksten]

James Connolly var irsk nasjonalist i den meining at han kjempa og døydde for irsk sjølvstende frå Storbritannia. Men ser ein på skriftene hans, var han først og fremst ein marxistisk tenkar. Han var ein av dei få leiande sosialistane i Andre Internasjonalen som gjekk beint imot all støtte til krigføringa i første verdskrigen.

Også i Skottland hadde tenkinga til Connolly stor innverknad, ikkje minst på John Maclean, som på liknande vis kombinerte venstreorientert haldning og kamp for nasjonal frigjering da han skipa Scottish Workers Republican Party. Etterkommaren av denne gruppa inngår i dag i Scottish Socialist Party, Det skotske sosialistpartiet.

Det står ei statue av James Connolly i Dublin, utanfor Liberty Hall, kontora til fagrørsla.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]