Janet Jackson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Janet Jackson
Janet Jackson 4.jpg
Janet Jackson opptrer i 2008.
Verkeleg namn Janet Damita Jo Jackson
Fødd 16. mai 1966
Instrument Vokal
Sjanger R&B, soul, pop
Aktive år 1973–
Yrke Songar, låtskrivar, plateprodusent, arrangør, dansar, koreograf, skodespelar, forfattar
Tilknytte artistar The Jackson 5
Plateselskap A&M, Virgin, Island
Nettside www.janetjackson.com

Janet Damita Jo Jackson (fødd 16. mai 1966) er det yngste barnet til Elisabeth og Joseph Jackson frå Gary, Indiana. Ho er kjend som songar, skodespelar samt for å vera veslesystera til Michael Jackson.

Karrierestart[endre | endre wikiteksten]

Ingen av døtrene i Jackson-familien vart med i The Jackson 5, men Janet Jackson deltok på fjernsynsprogrammet The Jacksons som gjekk på CBS i syttiåra. Deretter vart ho hyra inn som skodespelar i fleire fjernsynsseriar på 70- og 80-talet.

Faren skaffa henne platekontrakt då ho var seksten, og ho debuterte med plata Janet Jackson i 1982. Oppfylgjaren Dream Street kom i 1984, med god hjelp frå faren og brørne. Etter dette reiv ho seg laus frå familien, skaffa seg andre managerar og gav så ut plata Control i 1986. Denne har til no selt meir enn 14 millionar eksemplar og gav Janet Jackson ein Grammy-pris for årets album.

Glanstid[endre | endre wikiteksten]

Janet Jackson's Rhythm Nation 1814 vart utgjeven i 1989. Her skifte Janet Jackson tematikk i songane sine til å syngja meir om problem, konfliktar og urettferd. Dette albumet selde minst like godt som det førre, også med 14 millionar eksemplar over heile verda. Den aukande populariten hennar heldt fram med neste album, janet frå 1993 der ho vann nok ein Grammy: denne gongen for beste R&B-song med That's The Way Love Goes.

I 1992 var ho skodespelar i sin fyrste spelefilm, Poetic Justice. I 1995 spelte ho inn singelen Scream saman med Michael Jackson. Musikkvideoen til Scream held rekorden for dyraste musikkvideo nokonsinne i Guinness rekordbok, med ein kostnad på 7 millionar $. Same året gav ho ut si fyrste samleplate, Design of a Decade 1986/1996

I 1997 gav ho ut The Velvet Rope. Hovudsingelen på plata var Got 'Till It's Gone, ein R&B-song der ho hadde sampla ein song av Joni Mitchell, og rapparen Q-Tip rappa eitt av versa. Ein del av inntektene frå denne plata gav ho til nedkjemping av AIDS.

2000-åra[endre | endre wikiteksten]

I år 2000 spelte ho saman med Eddie Murphy i komedien Den helskrudde professoren 2, før ho gav ut albumet All For You i april 2001. Vinteren 2004 skapte ho oppstyr i media då ho opptrådte saman med Justin Timberlake under det prestisjetunge pauseinnslaget i Super Bowl. Ho blottla ufrivillig det eine brystet sitt etter at Timberlake hadde rive av ein bit av toppen hennar. Ho har seinare bedt om unnskyldning for dette. Albumet Damita Jo kom ut mars same året, men vart ikkje ein like stor suksess som dei tidlegare platene hennar.

I 2006 kom albumet 20 Y.O. ut der ho syng duett med rapparen Nelly på singelen Call on Me. I 2007 spelte ho i ein film att, denne gongen i Why Did I Get Married?. I februar 2008 kom albumet Discipline ut. Til no er dette det siste studioalbumet til Janet Jackson. Året etter døydde Michael Jackson, og Janet deltok aktivt i gravferda.

I 2010 spelte ho både i filmen Why Did I Get Married Too? og i For Colored Girls. I 2011 gav ho ut sjølvhjelpsboka True You: A Help To Finding and Loving Yourself. Ho har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Janet Jackson (1982)
  • Dream Street (1984)
  • Control (1986)
  • Control: The Remixes (1987)
  • Janet Jackson's Rhythm Nation 1814 (1989)
  • janet. (1993)
  • janet. Remixed (1995)
  • Design of a Decade 1986/1996
  • The Velvet Rope (1997)
  • All For You (2001)
  • Damita Jo (2004)
  • 20 Y.O. (2006)
  • Discipline (2008)
  • Number Ones/ The Best (2009)