Jesu dåp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jesu dåp måla av Giotto di Bondone.

Jesu dåp viser til møtet mellom Jesus og Johannes døyparen ved Jordanelva, som blir skildra i evangelia etter Matteus, Markus og Lukas og omtalt i Johannes-evangeliet.

Markering av dagen[endre | endre wikiteksten]

Signing av vatnet i elva San i Polen.

Dåpen er eit viktig evangelisk punkt i livet til Jesus, og er blitt minna på ulike dagar i kyrkjeåret. Mange stader har det vore vanleg å utføra dåp denne dagen. I ortodoks kristendom har vatn ein særskild plass. Ein signar vatn under gudstenesta kvelden før teofania, vanlegvis i ein døypefont, og utandørs på sjølve dagen. Då blir ein kross boren i prosesjon og dyppa eller kasta i ei elv, eit vatn eller havet. Der det blir kasta hoppar truande etter og hentar det.

I oldkyrkja feira ein både Jesu dåp og fødsel på Kristi openberringsdag den 6. januar, seinare gjerne rekna som heilagetrekongarsdag (epifania) i vestleg kristendom. Feiringa av dåpsdagen blei etterkvart lagt til første sundag etter openberringsdagen. Den katolske kyrkja flytta feiringa av Jesu dåp til 13. januar i 1955 og vidare til første sundag etter openberringsdagen i 1969.

I austleg kristendom er dåpsdagen (epifania eller teofania) ei av dei tolv store høgtidene, der ein markerer at heile treeininga openberra seg for menneskja samstundes. Han blir framleis feira 6. januar, men sidan mange ortodokse kristne følgjer den julianske kalenderen fell denne feiringa på 19. januar i den vanlegare gregorianske og i den reviderte julianske kalenderen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jesu dåp