Oldkyrkja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gresk ikon som framstiller det første kyrkjemøtet i Nikea i 325. Arius, som blei erklært som kjettar ved dette møtet, er avbilda nedst.

Oldkyrkja viser til den kristne kyrkja frå antikken til tidleg mellomalder. Tida omfatta vekst av kristendommen og til tider forfølgingar av kristne (martyrar), men religionen blei også statsreligion fleire stader. Kristne ritual, dogme og teologi utvikla seg og fann faste former. Grunnlaget blei også lagd for utforming av gudstenester, kyrkjebygg og organisering av kyrkja.

Tidfesting[endre | endre wikiteksten]

Ein set byrjinga av oldkyrkja til det første hundreåret, anten rundt år 30 med krossfestinga av Jesus, rundt år 60 ved slutten av aposteltida, eller rundt år 100 då også den umiddelbare etter-apostoliske tida var over.

Ein reknar starten på oldkyrkja frå rundt år 30 og og då det byrja å danna seg ulike kyrkjelydar etter urkyrkja i Jerusalem. Slutten på perioden kan setjast ved ulike tidsrom og hendingar i løpet av det første tusenåret. :

Etter oldkyrkja voks mellomalderkyrkja fram med katolsk kristendom i vest og ortodoks kristendom i aust.

Kristne område rundt 325 markert i oransje og år 600 i gult.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Oldkyrkja omfatta ei stor utbreiing frå urkyrkja i Jerusalem til heile det gresk-romerske området til yttergrensene av det romerske imperiet, i Nord-Afrika og Frankrike. Kristendommen spreidde seg òg til område utanfor Romarriket, som Armenia og Etiopia. Samstundes var kristendommen i den første tida ofte forbode. Dei store romerske kristenforfølgingane fann stad frå 60-åra til 300-talet, og medførte at mange tidlege kristne som ikkje avsvor trua si blei torturerte og avretta. Desse martyrane blei etterkvart rekna som helgenar, og hendingane fekk truleg stor innverknad på kyrkjeutviklinga.

Kristendommen auka likevel kraftig i omfang, og toleranseediktet i 313 markerte slutten på dei romerske forfølgingane. Keisar Konstantin engasjerte seg i kristne spørsmål, og kalla inn til det første kyrkjemøtet i Nikea, der alle kyrkjer var representerte gjennom sine biskopar. Kyrkjemøtet tok opp emne som kyrkjestruktur, liturgi, stillinga til geistlege, offentleg bot og behandling av fråfalne, men emnet om Jesu natur var særskild viktig. Møtet kom fram til ei sams lære om at Jesus var «av same vesen som Faderen», og ikkje opphavleg menneskeleg, slik arianismen hevda. Den nikenske truvedkjenninga formulerte det som frå då av blei rekna som rett kristen lære. Dei påfølgjande kyrkjemøta presiserte vidare Jesu natur og truvedkjenningar kyrkjeleiarane kunne samlast om. Dei la grunnen for éi kyrkje med fastlagde embete og normer, i staden for mange mindre, meir sjølvstendige kyrkjelydar. Men kyrkjemøta førte også til formelle splittingar av kyrkja, som ved kyrkjemøtet i Kalkedon, då dei armenske, persiske og etiopiske kyrkjene nekta å godta at Jesus også hadde ein menneskeleg natur.

Kristen teologi var eit emne i sterk utvikling under oldkyrkja, og blei særleg formulert av apostlane, deretter dei apostoliske fedrane og seinare kyrkjefedrar som tolka trua vidare og forsvarte henne mot åtak utanfrå og mot vranglære innanfrå. Retningar som gnostisisme, donatismen, montanisme, mandeisme, manikeisme og ulike former for synkretisme blei avvist. Dei fremste apologetane er Justin Martyr og Tertullian. Nokre tidlege kyrkjefedrar er Ignatius av Antiokia, Origenes, Kyprian, Ireneus og Klemens av Alexandria. Seinare hadde ein kyrkjelærarar som Ambrosius (død 397), Augustin (død 430), Hieronymus (død 420), pave Gregor den store (død 604) i vest og Johannes Krysostomos (død 407), Basilios den store (død 379), Gregor av Nazianz (død ca. 390) og Athanasius (død 373) i aust.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]