Jinzhou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sjå også: Byen Jinzhou i Hebei.

Jinzhou
Gatescene frå Jinzhou.
Gatescene frå Jinzhou.
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Liaoning
Borgarmeister Wang Wenquan
Geografi
Flatevidd
 - By

10,111 km²
Innbyggjarar
 - By (2004)

3,070,000
Koordinatar 41°07′″N 121°08′″EKoordinatar: 41°07′″N 121°08′″E
Høgd over havet 1090 m
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)
Diverse anna
Postnummer 121000
Telefon-retningsnummer 416
Heimeside: http://jz.gov.cn
Plassering
Plassering av  Jinzhou

Jinzhou (kinesisk: 錦州; pinyin: Jǐnzhōu) er eit kinesisk byprefektur i provinsen Liaoning i Nord-Kina. Byprefekturet har eit areal på 10 111 km² og hadde i kring 3,1 millionar ibuarar i 2010. Jinzhou, som ligg ved Bohaibukta av Gulehavet, er ein viktig hamneby som ligg strategisk til i den vestlege delen av provinsen.

Byprefekturet Jinzhou omfattar tre distrikt (区 ), to byfylke (市 shì), to fylke (县 xiàn) og ei særleg utviklingssone.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Jinzhou har ein variert industri, som omfattar tradisjonelle industriar som metallurgi, petrokjemi, tekstilproduksjon, farmasi og byggvarer.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Jinzhou er stoppestad på den viktige jarnbanelinja Jinghabana strekker seg frå Beijing til Harbin og mellom andre innom Tianjin, Tangshan, Shenyang og Changchun.

Kinas riksveg 102 passerer gjennom området. Han tek til i Beijing og fører gjennom provinsane Hebei, Liaoning, Jilin og Heilongjiang. På strekninga til Harbin er vegen innom byane Qinhuangdao, Shenyang og Changchun.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var Jinzhou ein strategisk viktig militærby i Liaoxipassasjen. Hausten 1931 innleia Japan eit luftangrep mot byen der det frå fly vart slept bomber, noko som var så å seie nytt i krigshistoria. I januar 1932 erobra den japanske hæren byen, som hadde om lag 100 000 ibuarar, og gjennomførte omfattande herjingar, drap og plyndring.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]