Johan F.L. Dreier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Johan F. L. Dreier)
Gå til: navigering, søk
Del av Damsgård med Damsgård hovudgard. Prospekt av Johan F. L. Dreier frå 1810

Johan Fredrik Leonard Dreier (7. april 177516. desember 1833), var ein av dei leiande teiknarane av prospekt og portrett på starten av 1800-talet. Dreier vart fødd i Trondheim, og døydde i Bergen. Dreier arbeidde i grenselandet mellom det å vera kunstnar og det å vera handverkar. Mykje - eller det meste av det han måla eller teikna, var tingingsverk frå folk som ville ha eit måleri av garden sine, familien sin eller båtane sine. Stilen i arbeidet hans kan verka litt naivistisk, men det er òg mykje i arbeida som peikar fram mot den nasjonalromantiske perioden som kjem seinare. Fleire vidgjetne kunstnarar, mellom anna I.C. Dahl gjekk i lære hjå Dreier.

I tillegg til å vera kjend for sine prospekt, spesielt av Trondheim og Bergen, er òg Dreier kjend som å vera den som teikna ned dei norske bondedraktene tidleg på 1800-talet. Mykje av dette arbeidet la grunnlaget for framveksten og interessa for bunadar seinare på 1800-talet.

Dreier vart fødd i Trondheim i 1775 av foreldra Tørris Haftorsen Dreier og Karen Benjaminsdatter Blostrup. Det var meininga at han skulle fylgja i faren sine fotspor og verta målarmeister, men slik vart det ikkje. Allereie som ung byrja han å teikna, og det finst fleire teikningar er tekne vare på. Mellom anna eit portrett av familien Weybye frå 1789. I år 1800 flytta han til Bergen.

I Bergen budde han først hjå familien Smith, der dei hadde ei tenestejente som var like gamal som Dreier. Ho heitte Cecelia Maria Andersdatter. Saman vart dei foreldra til guten Johan Fredrik, fødd i 1804. Johan jr. døydde allereie i 1820, og han var då lista som «uekte barn» i kyrkjeboka.

Dreier gifta seg seinare med Karen Christine Frechenelle i 1808. Saman fekk dei dottera Karen Helchina Dreier i 1811, som gifta seg med Adolph Lausen Hansen i 1833. Desse fekk igjen ei dotter, som var ei av kjeldene til Einar Lexow si bok Johan F. L. Dreier's norske folkedragter i 1913.

Det var ikkje veldig lukrativt å livnæra seg som kunstmålar i Bergen på denne tida, og Dreier merka mot slutten av livet spesielt stor konkurranse frå nye teknikkar for trykking innan grafikk. Nokre av Dreier sine bilete vart laga som koparstikk og trykt opp utan at han fekk noko for det, og difor finst det mange koparstikk som eigentleg er Dreier sine bilete, men som ikkje ber namnet hans.

Verk av Dreier finst i museum over heile Europa. Norsk Folkemuseum har mange av desse.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]