Johannes Gjerdåker
| Johannes Gjerdåker | |
| Nasjonalitet | Norsk |
| Fødd | 15. februar 1936 (77 år) |
| Periode | 1978 - |
| Debut | Skot på gammal stuv |
Johannes Gjerdåker, (fødd 15. februar 1936), er ein norsk lokalhistorikar, filolog, poet og omsetjar frå Voss.
Han vart i 1996 gjeven Bastianprisen for gjendiktinga av Robert Burns sine Dikt og songar, han fekk Melsomprisen i 1999, og Kritikarprisen for beste omsetjing i 2006. Han fekk Voss kommunes kulturpris i 1992, og i 2001 fekk han Hønnørprisen frå fondet til Halldor O. Opedal.
Gjerdåker er cand.philol. frå Universitetet i Oslo, driv sitt eige Vestanbok forlag, har skrive lokalhistoriske bøker, bygdebøker og bedriftssoger og utgjeve ei rad attdiktingar.
Han har òg omsett Beatles' «When I’m Sixty-Four» for Ivar Medaas og Joni Mitchells «Both sides now» for Herborg Kråkevik.
Til 70-årsdagen hans i 2006 vart han tileigna eitt festskrift. Vennen Nils Ruym hadde også omsett William Goldings Arvtagerne som ei gåve til jubilanten.
Bøker [endre]
- Skot på gamal stuv (diktsamling, 1978)
- Balladen om Reading fengsel og andre dikt frå engelsk (gjendikting, 1980)
- Arbeidet i bygdene (lokalhistorie, 1980)
- Dikt og songar (gjendikting av Robert Burns, 1996)
- Ruba'iyat (gjendikting av Omar Khayyam, 1997)
- Dikt og songar, andre samling (gjendikting av Robert Burns, 1998)
- Mjølk av Paradis. Engelsk og skotsk lyrikk frå Thomas Gray til John Clare (gjendikting, 2000)
- Odar av Horats (gjendikting, 2001).
- Odar av Horats, andre samling (gjendikting, 2005)
- Dei greske gudane og lagnaden (gjendikting av Friedrich Schiller, 2010)