Josip Broz Tito

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marsjall Tito og andre offiserar i partisanhæren i 1944.
Tito i 1971.
Tito på sovjetisk frimerke frå 1982

Josip Broz Tito (25. mai 18924. mai 1980) var den øvste leiaren av Jugoslavia i perioden etter Den andre verdskrigen og fram til han døydde i 1980, fyrst som statsminister (194553), så som president. Etter brotet med Sovjetunionen i 1948, førte han ein sjølvstendig kommunistisk politikk, medan han utanrikspolitisk stod for ein nøytral politikk.

Tito var fødd Josip Broz i Kumrovec i Kroatia. Han var opphavleg metallarbeidar, og aktiv kommunist frå 1917. Det jugoslaviske kommunistpartiet fekk stor støtte ved valet i landet i 1920, men blei alt året etter forbode. Tito blei sjølv dømd til fem år i fengsel.

Da den spanske borgarkrigen braut ut organiserte Tito mange frivillige til forsvaret av den spanske republikken mot fascismen.

Den jugoslaviske frigjeringskrigen[endre | endre wikiteksten]

Frå 1937 var Tito leiar i Det jugoslaviske kommunistpartiet. Før krigen var det enno relativt lite, men under den tyske okkupasjonen leidde det den store anti-fascistiske partisanrørsla med 800 000 medlemmer, dei fleste bondeungdommar. Eit av særmerka med den kommunistleidde partisanrørsla, var at den aleine av dei væpna gruppene i landet organiserte folk frå alle nasjonalitetane, utan diskriminering.

Okkupasjonsmakta dreiv ein nådelaus terror mot sivilbefolkninga, ofte med hjelp av lokale fascistar, som kroatiske Ustasja. Jugoslavia mista om lag ein og ein halv million menneske under andre verdskrigen, ca ti prosent av folket.

Frigjeringa i 1945 var i Jugoslavia folket sitt eige verk, da mesteparten av landet blei frigjort av partisanane. Dette gjorde det lettare for Tito å stå imot sovjetisk dominans i etterkrigstida.

Titoismen[endre | endre wikiteksten]

I 1948 blei Tito og den sjølvstendige jugoslaviske kommunismen fordømt av Stalin, og «titoisme» blei eit skjellsord på linje med trotskisme i dei stalinistiske kommunistpartia. Men Jugoslavia stod imot presset.

Etter Stalin var død i 1953, blei tilhøvet mellom Sovjetunionen og Jugoslavia betre, men Tito heldt fram som ei sjølvstendig stemme i internasjonal politikk, som ein av leiarane i den alliansefrie rørsla.

Det jugoslaviske systemet under Tito var ein kombinasjon av ein kommunistisk eittpartistat og eit desentralisert bedriftsdemokrati. Nasjonal diskriminering og oppmoding til hat mellom folkegruppene var strengt forbode.

Det «titoistiske» systemet var til tider relativt vellykka, men under overflata lurte framleis den etniske nasjonalismen. Etter Tito var død, greip korrupte maktpolitikarar tak i den og vekte den til liv igjen med tragiske konsekvensar for Jugoslavia og folkeslaga der.