Den jugoslaviske frigjeringskrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det jugoslaviske partisanflagget

Den jugoslaviske frigjeringskrigen («Folkets Frigjeringskrig») blei utkjempa i det okkuperte Jugoslavia under den andre verdskrigen, i åra 1941 til 1945. Kampen stod mellom den jugoslaviske motstandsrørsla, først og fremst dei jugoslaviske partisanane, og aksemaktene med Nazi-Tyskland i brodden.

Det var opphavleg to gerilja-hærar, den kommunist-leidde partisanhæren og den monarkistiske tsjetnik-rørsla. Men den sistnemnde samarbeidde stadig meir med okkupantane, og bruka kreftene sine på å kjempe mot partisanane i staden.

Det var den 6. april 1941 at Jugoslavia blei angripe av aksemaktene, i hovudsak tyske styrkar, men òg styrkar frå Italia, Ungarn og Bulgaria. Alt den 17. april kapitulerte den kongelege jugoslaviske hæren. Kapitulasjonsvilkåra var ekstremt harde, landet blei stykka opp.

«Folkets Frigjeringshær» (NOV) stod under leiing av Josip Broz Tito. Dei hadde ei kjerne av erfarne krigarar frå den spanske borgarkrigen, og kunne vinne støtte frå alle etniske grupper med ideologien sin. Partisanhæren fekk gradvis sterkare støtte i befolkninga i løpet av frigjeringskrigen, og blei etter ei rid anerkjend av dei allierte. Den jugoslaviske partisanrørsla blei den største motstandsrørsla i det okkuperte Europa, med sine 800 000 soldatar.

Partisanane kjempa ein stadig meir vellykka geriljakrig mot okkupantane og kollaboratørane, som kroatiske Ustasja, serbiske tsjetniki og slovenske domobranci. Partisanane kontrollerte etter kvart store delar av det jugoslaviske territoriet. Dei danna òg ei «regjering», Det anti-fascistiske rådet for den nasjonale frigjeringa av Jugoslavia (AVNOJ).

Aksemaktene prøvde å øydeleggje partisanrørsla med gjentatte offensivar. Desse var oftast kombinerte framstøytar frå tyske styrkar inkludert SS, italienske styrkar, tsjetniki og ustasjakontrollerte kroatiske styrkar. Partisanane måtte ved fleire høve trekkje seg tilbake, men partisanhæren blei ikkje knust.

Den 20. mars 1945 sette partisanane i gang ein storoffensiv. Kampane heldt fram sjølv etter at Berlin hadde falle og Tyskland hadde kapitulert, særleg mot quislingstyrkar som Ustasja. Det siste slaget i Europa under den andre verdskrigen stod i Poljane i Slovenia 14. mai-15. mai, mellom partisanar og ein blanda styrke av tyske soldatar og kroatiske og slovenske kollaboratørar.

Ein rekna lenge med at Jugoslavia hadde mista 1,7 millionar menneske under okkupasjonen. Det blir no hevda at talet er noko lågare, vel 1 million.

Etter ei folkeavstemming hausten 1945 blei Jugoslavia ein republikk, og Tito blei statsminister.

Kjelde:[endre | endre wikiteksten]

Den engelskspråklege wikipediaen, art. Yugoslav People's Liberation War, som lesen 27. oktober 2008.