Kadettpartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pavel Miljukov, ein framtredande leiar av Kadettpartiet

Kadettpartiet (av K.D., for Det konstitusjonelt-demokratiske partiet) var eit politisk parti i Russland som vart grunnlagt av liberalarar i oktober 1905 under leiing av historikaren Pavel Miljukov. Partiet tok til orde for avskaffing av eineveldet og at det skulle innførast eit konstitusjonelt monarki. Kadettpartiet spela ei framtredande rolle i avspenninga som følgde 1905-revolusjonen og var den største grupperinga i Dumaen etter vala i 1906 og 1907. Dei vart inviterte til å vere med i regjeringa av statsminister Sergej Witte, men dei radikale krava deira gjorde dette umogleg. Det hatske angrepet frå Miljukov mot statsminister Boris Stürmer i Dumaen i november 1916, bidrog til at sistnemnde fall, og dette styrkte dei revolusjonære straumingane i landet. Etter februarrevolusjonen i 1917 var partiet hovudaktøren i den provisoriske regjeringa. Miljukov hadde posten som utanriksminister, og partivenen hans Georgij Lvov vart utnemnd til statsminister. Etter juliuroa i 1917 vart Lvov tvinga til å gå av, og det skjedde ei maktforskyving til fordel for Aleksandr Kerenskij som stod for dei mest radikale kreftene i regjeringa. I desember 1917, etter at bolsjevikane hadde teke makta i oktoberrevolusjonen, vart partiet forbode, og det verka deretter i eksil frå Paris.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen var opphavleg basert på «Kadettpartiet» på Wikipedia på svensk, innhenta 20. november 2009.