Kaffarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå også «kafir».

Kaffarar (av arabisk kafir, «vantru») var nemninga som vart brukt om dei svarte innfødde av europeiske kolonistar i det sørlege Afrika. Der var det opphavleg eit nøytralt uttrykk blant dei kvite, som også vart brukt av antropologar og misjonærar i snever forstand om søraustbantuane, det vil seie mellom andre zuluane, xhosaene, swaziane, sothoane og matabelene, og i utvida forstand om andre afrikanske folkegrupper i heile regionen. Det er mogleg at det var portugisarane som hadde snappa opp ordet frå arabarane, som brukte det om ikkje-muslimane i området, men portugisarane oppfatta det som eit ord for den farga folkesetnaden generelt.

Men på 1900-talet byrja den nøytrale bruken å utvikle seg til noko nedsetjande. Særleg i apartheidtida i Sør-Afrika vart ordet eit nedsetjande uttrykk for «neger». I dag er bruken av ordet forboden i Sør-Afrika og Namibia.

Ordet går igjen som eit historisk områdenamn (Kafiristan) for ein del av dei nordlege grensetraktene mellom Pakistan og Afghanistan. Fram til 1890-åra var regionen kjend som Kafiristan («heidninglandet»), fordi folkesetnaden der praktiserte animisme. Regionen vart erobra av emir Abdur Rahman Khan i 18951896, og folket vart konvertert med makt til islam. Regionen fekk så namnet Nurestan, som tyder landet til dei opplyste.

tysk er kaffar også eit nedsetjande uttrykk, men det er då ofte avleidd frå jiddisch, der det tyder bondsk, i nedsetjande meining. Rota til dette ordet er kafr, som tyder småby eller landsby, og som går att til dømes i stadnamnet Kapernaum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Kaffer» på SNL.no, innhenta 25. november 2009.
  • «Kaffere» på Caplex.no, innhenta 25. november 2009.
  • «Kaffer» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 25. november 2009.