Kendal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kendal

Kendal roofscape.jpg
Kallenamn
«Auld Grey Town»
Plassering
Kendal is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Cumbria
Distrikt South Lakeland
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

27 505
Koordinatar 54°20′″N 2°45′″WKoordinatar: 54°20′″N 2°45′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer LA9
Telefon-retningsnummer 01539
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kendal

Kendal er ein by i Cumbria i England. Han er administrasjonssenter og største byen i distriktet South Lakeland, og tredje største byen i grevskapet. Kendal er mest kjent som eit turistmål, for konfekten Kendal mint cake og for bygningane i lokal, grå kalkstein som har gjeve byen kallenavnet «Auld Grey Town».

Geografi og kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Kendal ligg ved elva Kent, og er omgjeven av låge åsar. Han ligg rett utanfor nasjonalparken Lake District, og blir ofte rekna med til parken fordi mange turistar brukar han som base under turar. Sidan han er omgjeve av landsbygd har byen lenge vore eit viktig handelssenter for området.

Kendal stasjon betener Windermere Branch Line, og har samband til Windermere i nord og Oxenholme og Lancaster i sør. Det er omkring tolv kilometer til motorvegen M6. Hovudvegen A65 stoppar i Kendal, medan A6 går gjennom byen.

Lancasterkanalen vart utvida til Kendal i 1819, men den nordlege delen vart ufarbar då M6 vart anlagt. Delar av den seksjonen vart drenert og fylla igjen for å hindre lekkasjar. Den delen av kanalen som gjekk gjennom byen er restaurert, og det er per 2007 planar om å restaurere resten.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kendal blir nemnt i Domesday Book (1086) som Cherchbi. Han var i fleire hundreår kjent som Kirkbie Kendal, som tyder «landsby med kyrkje i Kentdalen». Han vart ein periode òg kalla Kirkbie Strickland. Normannarane reiste ei festning av motte and bailey-typen der, vest i den moderne byen.

Som mange andre marknadsbyer i området fekk Kendal ei hovudgate, high street, med forskansa sidegater, yards, slik at folkesetnaden lett kunne søkja vern når han vart raidet av Bord Reivers, anglo-skotske plyndrarar. Hovudindustrien var ullprodukt, noko som blir reflektert i våpenet til byen med mottoet Pannus mihi panis, «ull er brødet mitt». Det vart laga eit stoff, Kendal Green, med ein lokal produksjonsmåte, som skal ha vorte kjent etter at bogeskyttarar frå Kendal kjempa ved Agincourt iført klede av slikt stoff.

Det ligg fleire slottsruiner i byen, der det nyaste, Kendal Castle, vart reist mot slutten av det 1100-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]