Khadi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Teikning frå 1930-talet av Gandhi som spinn bomullstråd.
Handveving med tradisjonell vevstol i Assam i 2006.

Khadi eller khaddar er hindustani (hindi og urdu) for 'bomull' og viser til handlaga indisk klede. Omgrepet fekk ei viktig tyding for den indiske fridomsrørsla etter at Gandhi byrja legga vekt på heimespinning som ein måte til å ta tilbake indiske tradisjonar og økonomisk styring på. Khadi har ei viktig stilling i indisk politikk og er mellom anna det føreskrivne stoffet for det indiske flagget.

I første omgang reknar ein manuelt spunne og vove indisk bomullstøy som khadi, men ull og silke blir også gjerne rekna med, og i den vidaste tydinga kan omgrepet omfatta ei rekkje ulike indiske handverksprodukt.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sidan antikken hadde ein handla med fint musselin frå det indiske subkontinentet. Utviklinga av britisk tekstilindustri under den industrielle revolusjonen hadde gått hardt utover indisk kledeproduksjon og økonomi. Ved byrjinga av 1900-talet hevda Mahatma Gandhi at prosessen der bomull blei plukka i India, frakta til Storbritannia og foredla ved fabrikkar der, for deretter å bli send tilbake til mellom anna India og seld der med store fortenester, og at om indarar laga sitt eige tøy ville dei vinna økonomisk på det. Han utvikla khadi-rørsla for å setja dette i system. Bruken og laginga av tøyet skulle både sysselsetja mange, få vanlege folk og særleg kvinner med i fridomsrørsla og gjera landet og landsbyar sjølvforsynte, men òg visa indisk samling og vilje til sjølvstyre, svaradj. Gandhi gjekk inn for at kvar enkelt sjølvstendeforkjempar skulle spinna bomullstråd eller veva stoff. Han levde sjølv etter dette prinsippet, spann eller vov dagleg, og kledde seg berre i heimelaga tradisjonelle indiske klede.

Rommet til Gandhi i Mani Bhavan i Mumbai med spinneutstyr og portrett av Gandhi i khadiklede.

Sjølvstenderørsla følgde opp gjennom boikott av britiske produkt, og for Gandhi-tilhengjarar og medlemmer av Kongresspartiet blei det vanleg å berre bruka khadi. Framleis vil mange indiske politikarar berre kle seg i tradisjonelle indiske klede laga av dette tøyet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]