King's Lynn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

King's Lynn

Rådhuset
Rådhuset
Plassering
King's Lynn is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Norfolk
Distrikt King's Lynn and West Norfolk
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

42 800
Koordinatar 52°45′″N 0°24′″EKoordinatar: 52°45′″N 0°24′″E
Diverse annan informasjon
Postnummer PE30
Telefon-retningsnummer 0 1553
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: King's Lynn

King's Lynn er ein hamneby i Norfolk i England. Han har tidlegare heitte Bishop's Lynn og Lynn Regis, og blir kalla lokalt berre Lynn. Byen er administrasjonssenter for distriktet King's Lynn and West Norfolk.

Byen ligg ved elva Great Ouse, nær staden der han renn ut i The Wash, omkring 55 kilometer nordaust for Peterborough og 70 km vest for Norwich. Elva er omkring 200 meter brei ved King's Lynn, og sidan 1600-talet har han vore systematisk drenert slik at myrområdet The Fens har oppstått.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen heitte opphavleg Bishop's Lynn, fordi han høyrde til herregarden til biskopen av Norwich1100-talet. Innan 1300-talet var han rangert som den tredje viktigaste hamna til England. To hamnebygninger som høyrde til hansaen som faktori og var i bruk mellom 1400- og 1600-talet er verna.

Henrik VIII oppløyste klostra i 1538 vart byen og herregarden kongeleg eigedom. Han fekk namnet Lynn Regis, og vart snart òg kalla King's Lynn. I det 1600-talet hadde han stor framgang på grunn av korneksport over hamna. Tollhuset vart bygd i 1683, og er teikna av den lokale arkitekten Henry Bell.

Seinare kom nedgangstider, og det var jarnbana som igjen fekk byen på fote. Han kom i 1847, først med Great Eastern Railway og Midland and Great Northern Joint Railway. Sistnemnde selskap hadde hovudkvarteret sitt i byen, og ein viktig stasjon i South Lynn, som no er riven.

Etter andre verdskrig vart byen definert som ein ekspansjonsby for London, og folkesetnaden vart nestan dobla då mange vart flytta dit for å bøte på bustadmangelen ein leid under i hovudstaden etter bombeåtaka.

Den moderne byen[endre | endre wikiteksten]

Det meste av byen ligg på austbreidda av Great Ouse, med ein liten del kjent som West Lynn på den andre sida. Andre bydelar er sentrum, North Lynn, South Lynn, Gaywood, North Wooton, South Wooton og Fairstead.

I sentrum finn ein Guildhall, ein laugshall frå 1421, og rådhuset frå 1895. Begge ligg ved Saturday Market Place, som var dei opphavlege knutepunkta til byen. Ved denne marknadsplassen ligg òg kyrkja St Margaret's, og ved den nyare marknadsplassen Tuesday Market Place ligg St. Nicholas's Chapel. Sistnemnde marknadsplassen blir av mange rekna som ein av dei venaste offentlege plassane i England. Langs vegen mellom dei to plassane finn ein ei rekkje andre historiske bygningar.

I 1988 vart King's Lynn den første byen i Storbritannia som installerte TV-overvaking i sentrumsgatene.

King's Lynn har alltid vore eit sentrum for fiskeri- og sjømatindustrien, spesielt i tilhøve til reker og muslingar. Tidlegare vart det òg produsert glas og dampmotorer, men i dag er det, ved sida av fiskeriet, spesielt industri knytt til landbruket ein finn i byen. Byen er òg eit viktig importsenter.

King's Lynn stasjon er endestasjon for Fen Line, med samband til Ely, Cambridge og King's Cross i London. Hovudvegane A47 og A10 går gjennom byen.

College of West Anglia har ein campus i byen.

Det er to store festivalar i King's Lynn kvar sommar: King's Lynn Festival og Festival Too. Sistnemnde, som blir halde på Tuesday Market Place, er ein av dei største gratisfestivalane i Europa, og har trekt meir enn 12 000 tilskodarar, med framferder frå blant anna Midge Ure, Deacon Blue, Suzi Quatro, Gerry and the Pacemakers, Mungo Jerry og The Human League. King's Lynn Festival fokuserer på klassisk musikk, og blir arrangert i ulike historiske bygningar i byen. Det er òg mindre festivalar for poesi og litteratur.

Per 2006 gjennomgår byen ein større fornying. Eit nytt handleområde har vorte oppretta i sentrum, som erstatning for Vancouver Centre frå 1960-åra. Nord for byen blir bygd eit nytt, stort bustadområde på marker som har lege brakk. Området skal òg innehalde ein næringspark, grøntareal, ein skule og butikkar. Ein ny marina med 250 plassar og dessutan leilegheiter, eit hotell, butikkar og spisesteder er òg planlagt.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]