Kjevelause fisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kjevelause fisk


Niauge
Elveniauge

Systematikk
Rekkje: Chordata
overklasse: Agnatha
Vitskapleg namn
Agnatha

Kjevelause fisk (Agnatha/Cyclostomata) er ei gruppe virveldyr som består av rundt 72 artar niauge (Cephalaspidomorphi) og slimålar (Myxini). Gruppa vert òg kalla rundmunnar, og er den mest primitive gruppa virveldyr. Dei lever i kjølig vatn i heile verda, her i Noreg har me fem artar.

Dei kjevelause fiskane er ikkje lenger rekna som ei monofyletisk gruppe, då ein reknar med at niauge er nærare i slekt med virveldyr med kjever enn dei er med slimålane. Dette kan ein sjå mellom anna på at slimålane manglar ryggvirvlar og teknisk sett ikkje er virveldyr. Mange forskarar snakkar difor om kraniatar eller «kraniedyr» i staden for vertebratar.

Innhaldsliste

[endre] Skildring

Kjevelause fisk er avlange, åleliknande fisk som i tråd med namnet sitt manglar kjevar. I staden har dei runde munnar med ru tunger, men utan tenner. Skjelettet er svakt og i brusk, men nokre utdøydde artar hadde eit heildekkande kroppspanser. Dei færraste artane har finnar, og dei få som har det har berre på ryggen. Derimot har dei høgt utvikla respirasjonsapparat; ei rekke gjellekammer ligg attmed tarmen og har direkte samband med fisken si overflate. I motsetnad til dei fleste andre fisk manglar dei skjel, og er i staden dekt med slim.

[endre] Utvikling

Kjevelause fisk var dei første ekte vertebratane som oppsto, allereie for over 500 millionar år sidan. Ein reknar med at alle virveldyr stammar frå den vesle fisken Haikouichthys, som sannsynlegvis var i nær slekt med niauga og levde i kambriumtida.

I ordovicium og silur eksisterte det eit stort utval pansra rundmunnar i alle verdshav. Desse utvikla seg til bruskfisk og beinfisk, vart utkonkurrerte og døydde ut i devontida. Sidan då har kjevelause fisk hovudsakleg vore åleliknande åtseletarar og parasittar.

[endre] Systematikk

[endre] Artar i Noreg

[endre] Kjelder

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk