Klypestjertar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klypestjertar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Trochilinae
Stamme: Mellisugini
Slekt: Klypestjertar Doricha
Reichenbach, 1854
Artar
guatemalaklypestjert
yucatánklypestjert

Klypestjertar er ei biologisk slekt Doricha av to kolibriartar som lever i Sentral-Amerika. Slekta er ein del av stammen Mellisugini, «bikolibriar», innanfor underfamilien Trochilinae.

Klypestjertar er to distinkte kolibriartar, yucatánklypestjert og guatemalaklypestjert. Desse kolibriane deler visse fellestrekk samtidig som dei viser unike eigenskapar som skil dei frå kvarandre. Begge lever i avgrensa område i Sentral-Amerika, men er allopatriske, geografisk skilde.

Slekta Doricha blei introdusert i 1854 av den tyske naturforskaren Ludwig Reichenbach for guatemalaklypestjert som dermed blei typearten.[1][2] Doricha, eller Rhodopis, (700 f.Kr) var ei vidgjeten gresk kurtisane eller hetære.[3]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er små kolibriar, hannar er 11 to 12,5 centimeter i kroppslengde medrekna den lange halen, hoene er 8-9 cm. Hannane av begge artar viser spesielt langstrekte, bua nebb. Eit anna slåande trekk som er felles for hannane, er den lange, djupt kløfta halen, eit kjennemerke som skil klypestjertar frå andre kolibrigrupper. Begge artane syner sterk kjønnsdimorfisme i fjørdrakta og dels i nebblengde.

Yucatánklypestjert[endre | endre wikiteksten]

Hannen har ei grøn overside med iaugefallande rosa, iriserande strupeflekk, «ringkrage», i kontrast til kvitt øvre bryst. Buken er kvitaktig, mot bronsegrøne kroppssider (flankar). Hoa av denne arten har ein kortare hale som er moderat splitta mot spissen, ytre halefjører er raudbrune, med eit svart band mot kvitt endeband. Undersida hennar, inkludert strupe og bryst er kvitaktig, supplert med gulbrune kaneltonar på flankane og underhaledekkarar. Utbreiingsområdet er på Yucatánhalvøya, avgrensa innanfor ei landstripe ut mot nordkysten, og ein isolert populasjon ved byen Veracruz. Arten er endemisk for Mexico.[4]

Guatemalaklypestjert[endre | endre wikiteksten]

Hos hannen er det karakteristiske lange, bua nebbet eit framståande trekk. Oversida er hovudsakleg grøn, dei har kvit flekk bak auget. Framsida viser ein rosa-lilla strupeflekk. Brystet har eit kvitt band, medan buken er grøn meir kvitaktig mot midten. Dei mest karakteristiske trekka til hannen er den veldig lange, djupt kløfta halen, med grøne sentrale halefjører og dei øvrige halefjører svartaktige. Hoa av guatemalaklypestjertar, som hannen, har grøn overside og ein kvit postokulær augeflekk. Undersida hennar frå strupe til gump med kroppssider er kanelfarga. Ho har ei mørk stripe frå nebbrot til øyredekkfjørene. Halen hennar er kortare og mindre djupt gaffelforma enn halen til hannar, med ytre halefjører som er kanelfarga, utsmykka med eit breitt svartaktig band og kvite spissar. Utbreiingsområdet er frå Chiapas i sørlege Mexico gjennom indre Guatemala inn i Honduras og nordlegaste El Salvador, 1000-3000 moh.[5]

Habitat og åtferd[endre | endre wikiteksten]

Begge artane lever i fleire typar habitat, yucatánklypestjert i tørt låglandskratt, utkantar av mangrove og i hagar. Guatemalaklypestjertar finst i indre, høgare område med skog og kratt. Dei deler liknande åtferd, og et først og fremst nektar frå blomstrar ved å bruke det spesialiserte nebbet, og bidreg dermed til pollinering. I tillegg supplerer begge artane kosthaldet med små insekt og edderkoppar for proteintilskot.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Klypestjertar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[6] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[7] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Reichenbach, Ludwig (1854). «Aufzählung der Colibris Oder Trochilideen in ihrer wahren natürlichen Verwandtschaft, nebst Schlüssel ihrer Synonymik». Journal für Ornithologie (Supplement) (på tysk) 1: 1–24 [12]. 
  2. Peters, James Lee, red. (1945). Check-List of Birds of the World 5. Cambridge, Massachusetts: Harvard University Press. s. 132-133. 
  3. Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 139. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  4. Soberanes-González, C. A. and T. S. Schulenberg (2020). Mexican Sheartail (Doricha eliza), version 1.0. In Birds of the World (T. S. Schulenberg, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.mexshe1.01
  5. Peterson, A. T. and P. F. D. Boesman (2020). Slender Sheartail (Doricha enicura), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.sleshe1.01
  6. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 6. juli 2023. 
  7. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 6. juli 2023. 
  8. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 6. juli 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Klypestjertar