Koktebel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koktebel

Koktebel (ukrainsk Коктебель, russisk Коктебель, krimtatarisk Köktöbel), tidlegare kjent som Planerskoye, er ein av dei mest populære feriestadene i det søraustlege Krim. Koktebel ligg ved kysten av Svartehavet, om lag halvvegs mellom Feodosija og Sudak i Ukraina. Koktebel er ein del av bykommunen Feodosija.

Det opphavelge namnet Köktöbel er av tyrkisk opphav; på krimtatarisk betyr det 'Landet med dei blå åsane'.

Den russiske poeten Maksimilian Volosjin busette seg her, og mellom hans mange gjester fann ein Marina Tsvetajeva, Osip Mandelstam og Andrej Belyj (som døydde der). Dei skreiv alle minneverdige dikt i Koktebel.

Koktebel var i sovjettida kjend som feriestad for forfattarar. Staden er elles velkjend for sin cognac, hanggliding og naturiststrand, den største i tidlegare Sovjetunionen.

Om sommaren er Koktebel turistmål for folk frå Russland og Ukraina. Langs heile bukta går ein brusteinlagd gangveg. Badestranda er oppdelt i mange offentlege og ein del private badeplassar.

Koktebel er elles kjend for sin jazzfestival, som vanlegvis vert arrangert midt i september månad.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Koktebel

Kjelder[endre | endre wikiteksten]